Folkemusikk, SFJ
KURS OG KONSERT MED FRØHOLM OG TILLUNG
tys, 2013-05-21 17:09
Hornindal spelemannslag og Halkjelsvika spelemannslag inviterer helga 24.-25.mai til kurs og konsert med Britt Pernille Frøholm (fele) og Irene Tillung (trekkspel) på Låven i Hornindal.
Kategoriar: Nyhende frå andre sider
Konsert og folkemusikkpub med Britt Elise Skram og Werner Barth
sun, 2013-05-19 18:54
Fredagsklubben i Utvik inviterer 8. juni til konsert og folkemusikkpub i Utvik med Britt Elise Skram, gruppa Werner Barth og fleire lokale utøvarar.
Kategoriar: Nyhende frå andre sider
INSTRUKTØRAR 2013
mån, 2013-05-13 22:22
Mokurset 2013 byr på nokre av dei fremste aktørane innan norsk folkemusikk. Gå inn og les om årets instruktørar!
Kategoriar: Nyhende frå andre sider
EGIL STORBEKKENS MUSIKKPRIS 2013
sun, 2013-05-05 14:49
Fristen for å føreslå kandidatar til Egil Storbekkens musikkpris går ut 15. mai. Pris er for dei som har gjort ein særskilt innsats for folkemusikken og då spesielt dei eldre folkemusikkinstrumenta. Meir om prisen finn du her.
Kategoriar: Nyhende frå andre sider
Naustedalen spelemannslag ein av dei nominerte!
mån, 2013-04-22 23:56
Naustedalen spelemannslag er ein av dei nominerte til Årets lokallag 2013! Meir om Naustedalen og grunngjevinga for nominasjonen finn du her. Dei to andre laga som er nominerte er Hardanger Spelemannslag og Eiker spelemannslag.
Kategoriar: Nyhende frå andre sider
Gamlebanken inviterer til Vestlandskappleiken 2013
mån, 2013-04-22 22:58
Gamlebanken spelemannslag vert arrangør for årets Vestlandskappleik. Kappleikshelga vert 11.-12. oktober. Vi håper sjølvsagt på god deltaking både frå vårt eige fylke og nabofylka så set av datoane alt no. Meir info om kappleiksarena m.m kjem etterkvart.
Kategoriar: Nyhende frå andre sider
PÅMELDINGSFRISTAR
sun, 2013-04-21 18:59
Det nærmar seg påmeldingsfristane til Landskappleiken, Mokurset og Landsfestivalen!
Kategoriar: Nyhende frå andre sider
MELD DEG PÅ INNAN 26.MAI!!
sun, 2013-04-21 16:47
Påmeldinga til Mokurset er godt i gong, men vi vonar sjølvsagt mange fleire ønskjer å vere med! Påmeldingsskjemaet finn du her. Siste frist for å melde seg på er søndag 26. mai! Velkomne til Mokurs :)
Kategoriar: Nyhende frå andre sider
Påmeldinga er i gong!
sun, 2013-04-21 16:47
Nettsida til Mokurset vert i desse dagar oppdatert med info om kurs, instruktørar o.l. Påmeldinga er alt opna. Påmeldingsskjema finn du her. Siste frist for å melde seg på er søndag 26. mai! Velkomne til Mokurs :)
Kategoriar: Nyhende frå andre sider
Følg med!! Nettsida vert i desse dagar løpande oppdatert med påmeldingsskjema, info om kurs og intruktørar o.l. Så snart er alt klart til eit nytt Mokurs :)
sun, 2013-04-21 16:47
Kategoriar: Nyhende frå andre sider
PROGRAMMET ER KLART!
sun, 2013-04-21 15:16
Årets Førdefestival nærmar seg og programmet er på plass. Tema i år er musikk og natur. I løpet av 4 dagar kan publikum velje mellom 100 arrangement på 30 arenaer med omlag 300 artistar. Alt om årets artistar finn du her.
Kategoriar: Nyhende frå andre sider
Foto frå Fylkeskappleiken
sun, 2013-04-14 22:08
Arrangørane av årets Fylkeskappleik har lagt ut mange foto og også video frå kappleiken. Vi oppfordrar alle om å gå inn på heimesida til fylkeskappleik å sjå på desse!
Kategoriar: Nyhende frå andre sider
Fylkeskappleiken 2013
sun, 2013-04-14 21:21
Synnøve Bjørset (foto) vann spel fele/hardingfele klasse A på Fylkeskappleiken 2013. Med det sikra ho seg også vandrepremien i spel til odel og eige. I dans vann Leikny Aasen og Vidar Underseth A-klassa og tok sitt andre napp i vandrepremiane her. Kari Malmanger tok sitt første napp i vandrepremien i song. Komplett resultatliste for Fylkeskappleiken Sogn og Fjordane 2013.pdf
Kategoriar: Nyhende frå andre sider
Andrea Årøy vart "Årets smørbukk 2013"
mån, 2013-04-08 13:16
Smørbukk-kappleiken vart i år arrangert på Skei samband med fylkeskappleiken i Sogn og Fjordane. I alt 59 rekruttar/nybyrjarar deltok. Det var stort spenn i innslaga frå solistar i både spel, dans og vokal til vokalgrupper med opp til 18 deltakarar i. Ein kort fotoserie med ein del av deltakarane er lagt ut. Den kjem til å bli oppdatert med fleire foto etterkvart. Fotoserie frå Smørbukk-kappleiken 2013- oppdatert 11.4.2013
Kategoriar: Nyhende frå andre sider
Resultat frå Fylkeskappleiken 2013 på Skei
fre, 2013-04-05 23:24
Resultata frå kappleiken er no klare: Resultatliste Fylkeskappleiken Sogn og Fjordane fredag 5.4.2013.pdf Del II Resultatliste Fylkeskappleiken Sogn og Fjordane laurdag 6.4.2013.pdf Komplett resultatliste for Fylkeskappleiken Sogn og Fjordane 2013.pdf
Kategoriar: Nyhende frå andre sider
Startlista til årets fylkeskappleik er klar!
tys, 2013-04-02 23:20
Startlista til fylkeskappleik for Sogn og Fjordane 2013 er klar. I alt 55 startnummer skal i aksjon fredag og laurdag på Skei. I tillegg kjem Smørbukk-kappleiken for rekruttar/nybyrjarar. Nedanfor finn du startliste og oppdatert tidsskjema for årets kappleik. startliste fylkeskappleiken på Skei 5.-6. april 2013 -oppdatert 3.4.2013.pdf Program for fylkeskappleiken Skei 2013 -oppdatert 2.4.2013.pdf
Kategoriar: Nyhende frå andre sider
Framleis mogleg å melde seg på Fylkeskappleiken!
tys, 2013-03-26 14:31
Fylkeskappleiken 2013 nærmar seg raskt. Sjølv om den opphavlege påmeldingsfristen er ute, melder arrangørane at påmeldingssystemet vert ope til og med påskeafta 30.mars. Dermed er det framleis høve til å bli med på årets kappleik. Har du ikkje fått avgarde påmeldinga di enno, gå inn på: paamelding.folkemusikk.no og meld deg på med ein gong!Vi sjåast på Skei!
Kategoriar: Nyhende frå andre sider
LEIARSKIFTE I SOGN OG FJORDANE FOLKEMUSIKKLAG
fre, 2013-03-15 16:24
Antonia Karete Haugen Kongsvik frå Spelemannslaget Fjelljom vart vald til ny leiar i Sogn og Fjordane folkemusikklag under årsmøtet på Skei 3. mars.
Kategoriar: Nyhende frå andre sider
SMØRBUKK-KAPPLEIKEN 2013
tys, 2013-02-26 22:10
Vi inviterer til Smørbukk-kappleiken 2013 laurdag 6. april på Skei i Jølster!
Kategoriar: Nyhende frå andre sider
ÅRETS LOKALLAG 2013
tys, 2013-02-26 18:12
I 2012 fekk Seljord Spelemannslag prisen for årets lokallag for sitt gode rekrutteringsarbeid. I år vert det lagt vekt på revitalisering av lokale folkemusikk - og folkedanstradisjonar. Fristen for å sende inn forslag er 12. mars.
Kategoriar: Nyhende frå andre sider
- Om Fylkesarkivet
- Arkiv og kjelder
- Våre tenester
- Prosjekt
- Lenker
