Aktuelt

"Opad, fremad!" Medlem i Innvik ungdomslag samla. Fotograf: Knut A. Aaning.
(03.05.2012)
Vi har lagt ut ei lita samling med bilete etter fotograf Knut Aaning frå Stryn på Flickr-profilen vår. Aaning jobba som fotograf i Oppstryn og nærliggjande bygder. Blant bileta som vi no har lagt ut til fri bruk på Flickr finn du mellom anna bilete av Innvik ungdomslag, Mindresunde Hotel og fleire store gruppebilete frå bryllaupsfestar.
Johan Rumohr Døsen dokumenterte livet på Døsen i åra rundt førre århundreskifte.
(30.04.2012)
Onsdag 2. mai kl. 19.00 opnar fotoutstillinga «Luster og Lustringar for 100 år sidan» på Sogn Folkemuseum. Det er fotografi av den profesjonelle fotografen Samson Brathole, og amatørfotografen Johan Rumohr Døsen som vert presentert.
Albuma til Magdalene gir eit unikt innblikk i keisartida i Balestrand.
(30.04.2012)
1. mai kl. 20.00 sender NRK1 dokumentaren «Fotografen og Keisaren» som handlar om keisar Wilhelm II sine reiser til Balestrand i tida før første verdskrig. Fotografia som filmen tar utgangspunkt i finn du i Fylkesarkivet sin fotobase.
Landskonferansen vart arrangert på Park Hotel. Fotograf: Elin Østevik.
(25.04.2012)
Årets landskonferanse for foto gjekk av stabelen i Sandefjord 23.-24. april. Utfordringar knytt til handsaming og bevaring av fotosamlingar skada av mugg eller nedbryting var eit av hovudtemaa dette året.
Rekruttskulen på Bømoen 1927. Fotograf: Martinus Eliasson Askeland.
(20.03.2012)
I det kommunale arkivmaterialet etter Gulen kommune fann vi dette panoramabilete teke av fotograf Martinus Eliasson Askeland (1890-1948). Originalen som vi no har skanna er heile 18 x 90 cm!
Eitt av fleire portrett i biletsamlinga. Fotograf:Ukjend.
(15.03.2012)
Ein av fotosamlingane som fotoarkivaren jobbar med i år er biletsamlinga til Naustdal kommune. Samlinga inneheld bilete som kommunen samla inn på 1990-talet. Nokre titals foto frå samlinga er nyleg digitalisert og gjort tilgjengeleg på nett.
"Leiren på Grodaas", 1914. Fotograf: Kristian Berge.
(02.03.2012)
Fylkesarkivet har nyleg motteke ei samling på kring 3000 foto etter Kristian Berge (-1963) frå Stryn bibliotek. Samlinga består av negativar frå perioden 1912-1962 og 3 esker med lysbilete. Negativa ligg i album med gode opplysningar om motiv og datering. Også lysbileta er det opplysningar til. Nokre døme frå samlinga ser du her.
Skyssvogn fotografert med Nærøydalen som bakteppe. Fotograf: Knud Knudsen.
(08.02.2012)
I fotosamlinga til Jon Rasmus Langeset Vik er det tett mellom fotoperlene. Vi har nyleg omtala albumet «La Norvege» frå 1922. No er fleire godbitar digitaliserte, mellom dei bilete frå Lodalsulykka i 1936 og unike årgangspositivar laga av dei kjende fotografane Axel Lindahl og Knud Knudsen.
Konferansen vart arrangert på Pitt Rivers museet i Oxford. Foto: Elin Østevik.
(19.01.2012)
12. og 13. januar deltok fotoarkivaren på konferansen «Museums, Photographs and the Colonial Past» i Oxford. Konferansen handla om korleis musea formidlar kolonihistorie, og spesielt korleis fotografi vert nytta i formidlinga av kolonihistorie og andre vanskelege historiske emne.
Frå Nordfjord. Fotograf: Ukjend.
(09.01.2012)
Fotoarkivaren jobbar for tida med å digitalisere ei samling foto innlånt frå Jon Rasmus Langeset Vik. Blant fotomaterialet er eit album med tittelen «La Norevege 1922» som no er ferdig digitalisert og tilgjengeleg på internett.

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 65 61 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login