Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane har fått ny nettstad!

fylkesarkivet.no

Du er no på den gamle nettstaden og den vert ikkje lenger oppdatert med nytt innhald. Klikk på denne beskjeden for å besøke ny nettstad med siste nytt frå oss. Velkommen!

Flickr

Malla Moe på Flickr

Malla Moe reiste rundt og misjonerte med "the gospel wagon". Foto: Ukjend.
Malla Moe (1863-1953) frå Hafslo jobba som misjonær i Swaziland frå 1892 og fram til ho døydde 90 år gamal. I løpet av alle åra som misjonær sende ho både brev og bilete heim til slektningar, vener og støttespelarar. Vi har no gjort fleire av desse bileta fritt tilgjengelege på Flickr-profilen vår.

Fotograf Reppen på Flickr

Tårnhuset i Sogndalsfjøra. Fotograf: Nils O. Reppen.
Samlinga etter fotograf Nils O. Reppen (1856-1925) frå Sogndal er no digitalisert , og eit utval på 100 stereofotografi frå samlinga er gjort tilgjengeleg på Fylkesarkivet sin Flickr-profil.

Kysthistorie i biletform: Foto etter ingeniør Kristian Berge

Hamna ved Veiholmen, 1923. Fotograf: Kristian Berge.
Dei første fem negativalbuma etter ingeniør Kristian Berge (1887-1965) frå Stryn er no digitalisert og tilgjengeleg i fotobasen. Eit utval på 120 bilete frå samlinga er også gjort fritt tilgjengeleg på Fylkesarkivet sin Flickr-profil.

Fotograf Knut A. Aaning (1880-1922) på Flickr

"Opad, fremad!" Medlem i Innvik ungdomslag samla. Fotograf: Knut A. Aaning.
Vi har lagt ut ei lita samling med bilete etter fotograf Knut Aaning frå Stryn på Flickr-profilen vår. Aaning jobba som fotograf i Oppstryn og nærliggjande bygder. Blant bileta som vi no har lagt ut til fri bruk på Flickr finn du mellom anna bilete av Innvik ungdomslag, Mindresunde Hotel og fleire store gruppebilete frå bryllaupsfestar.

Fyrbilete på Flickr

Anders Folkestadås på Kråkenes fyr 1906.
I dag har vi publisert ei samling glasplatenegativ etter Anders Folkestadås (1865-1914), arbeidsformann i fyrvesenet, på Flickr-profilen vår. Samlinga gir eitt glimt inn i lkivet og arbeidet til Folkestadås. Mellom anna dokumenterer samlinga bygginga av Kråkenes fyr i 1906, eit arbeid Folkestadås leia.

Fyrbilete på Flickr

Anders Folkestadås på Kråkenes fyr 1906.
I dag har vi publisert ei samling glasplatenegativ etter Anders Folkestadås (1865-1914), arbeidsformann i fyrvesenet på Flickr-profilen vår. Samlinga gir eitt glimt inn i livet og arbeidet til Folkestadås; mellom anna dokumenterer samlinga bygginga av Kråkenes fyr i 1906, eit arbeid Folkestadås leia.

Fotoseminar i Stockholm

Nordiska museet, Stockholm. Foto: Mats Landin, © Nordiska museet.
12. -13. april arrangerte Nordiska museet i Stockholm seminaret ”Den digitala utmaningen”. Paula Bray frå Powerhouse Museum i Sydney var spesielt invitert for å snakke om korleis Powerhouse Museum nyttar fotografi og sosiale media i dialogen med publikum.

Galleri på Flickr

Paul Stang sitt fotografi av denne ukjende familien er inkludert i galleriet "Fa
På Flickr kan du lage ditt eige fotogalleri med eigne og andre brukarar sine bilete. Vi er glade for å sjå at Fylkesarkivet sine bilete på Flickr har blitt brukt på interessante vis i galleri laga av andre brukarar. Ta ein kikk på desse galleria og la deg inspirere til å lage ditt eige!

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 63 80 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login