Sogn og Fjordane

Abonner på Kjelda

Kjelda - framsider
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane gjer ut bladet Kjelda. Det kjem med 3 nummer kvart år, og er no inne i sin 22. årgang. Det er det einaste fylkesdekkjande bladet for historie, arkiv og kjelder i Sogn og Fjordane. Nytt høvet til teikne eit årsabonnement for 2014 no. Då får du vårt fyldige julenummer for 2013 inkludert. Eit årsabonnement av Kjelda kostar kr 195,-. Send tinging på epost til: postmottak.sffarkiv@sfj.no.

Kulturhistorisk leksikon for alle

Kulturhistorisk leksikon - artikkelcollage
Kulturhistorisk Leksikon har runda 1700 artiklar. Det er ein omfattande teneste som er gratis og open for alle. Her finn du stoff om krigen i Sogn og Fjordane, Fylkesbaatane, administrasjonshistorie, kyrkjer, gamle handelsstader, veghistorie og mykje, mykje meir. Heile fylket er dekka. Artiklane er gjennomgått av fagfolk, og har kjeldetilvisingar. Kjende forfattarar og lokalhistorikarar i fylket har bar bidrege i denne store databasen. -Nysgjerrig? Gå inn og sjå på stoff frå din heimkommune.

Sogn og Fjordane fylke - fylkesnamnet

Etter omfattande drøftingar i Odelstinget og Lagtinget i 1918, vart Sogn og Fjordane fastsett som nytt fylkesnamn i staden for det gamle Nordre Bergenhus Amt. Namneendringa vart lovfesta 14. august. Samstundes vart amt til fylke og amtmann til fylkesmann. Geistleg skulle Sogn og Fjordane no høyre til Bjørgvin bispedøme, i staden for det gamle Bergens stift.

Sogn og Fjordane fylke - oppretta i 1763

Sogn og Fjordane fylke vart oppretta ved Kongeleg Resolusjon av 19. september 1763. Det som i røynda skjedde var at Bergenhus amt, oppretta i 1660, vart delt i to: Nordre Bergenhus amt og Søndre Bergenhus amt. Boka Sogn og Fjordane fylkeskommune gjennom 150 år (1987) har eit kort kapittel om opprettinga

Dagens artikkel: Sogn og Fjordane fylke - det første ”Statens Hus”

"Da amtmands-Embedet i Nordre Bergenhus nu igjen er ledigt, saa vilde det være ønskeligt, om regjeringen lod Aspiranterne [søkjarane] vide, at Amtmanden ikke for Fremtiden kan vente, at der vorder seet gjennem Fingre med, at han bosætter sig udenfor sin Embedskreds i den flere Mile fra Amtets Grændse beliggende Bye Bergen. Skeer ikke dette, saa vil det rimeligvis atter blive Tilfældet at denne Embedsmand, ligesom mange af hans Formænd, tager Bopel i Bergen hvor det er ret behageligt at være, og naar der saa ankes paa denne Uskik, saa kan han med nogen Føie paaberobe sig, at der heller ikke kunde være noget imod at han holde paa samme sted som disse."

Dagens artikkel: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane - historikk

Fylkesmannen si historie er ein del av fylket si historie. Embetet går tilbake til 1763 då dei nordlegaste fogderia i Bergenhus stiftsamt blei utskilde som eige amt under namnet Nordre Bergenhus amt. Statsarkivet i Bergen har oppbevart eit rikt historisk arkivmateriale frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Dagens artikkel: Fire fylkesmenn på flyttefot i perioden 1840 – 1862

Nordre Bergenhus Amt (frå 1919 Sogn og Fjordane fylke) blei oppretta i 1763. I åra 1763-1939 var fylkesmannsembetet sin administrasjon nært knytt til fylkesmannen sin bustad. Den første fylkesmannen budde på Kaupanger. I åra 1771-1843 hadde Nordre Bergenhus amt adresse Bergen. Deretter følgde ein periode med skiftande adresser i Sogn og Fjordane før fylkesmannsembetet fekk adresse Nybø, Leikanger, frå 27. september 1862. Men kvar heldt fylkesmannsembetet til i perioden 1840-1862? Kva var adressa til Nordre Bergenhus amt? Oversynet her byggjer på gjennomgang av innkomen post til Nordre Bergenhus Amt.

Dagens artikkel: Ei sjeldan grav - Fjokla Demjanova

”Noreg takkar deg Fjokla Demjanova, ærer deg og minnest deg ved å gje deg ein fredfull kvileplass i Noregs jord.” Med desse orda slutta tidlegare ordførar i Eid, Olav Os, talen sin i gravferda til den russiske statsborgaren, Fjokla Demjanova. Det var i 1950. Kven var ho?

Dagens artikkel: 100 års veghistorie: Faleide-Lote

I 2005 var det endeleg samanhengjande veg mellom Faleide og Lote. Ein gamal draum var oppfylt, og ein lang strid var over. Då var den siste vegbiten mellom Hopland og Hennebygda ferdig.

Dagens artikkel: Om "Fritjof Nansen" på Strynevatnet

Sogn og Fjordane har åtte store vatn der det har vore rutebåtferdsle. På Strynevatnet (også kalla Oppstrynsvatnet) byrja dampbåten ”Fritjof Nansen” rutetrafikk i 1891. ”Nansen” heldt det gåande i nær 50 år. Siste turen gjekk 1. juli 1939.

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 65 61 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login