Førde

Komplett program for Førdefestivalen

Førdefestivalen 2013
Programmet for årets Førdefestival er no komplett. Festivalen kan frå 4. til 7. juli mellom anna by på tingingsverk med Majorstuen, og konsertar med Linda Gytri, Unni Løvlid, Kari Malmanger og Ottar Kåsa. Dessutan står danseforestillinga Kartellet på programmet.

Førdefestivalen 2013: Tema er musikk & natur

Førdefestivalen logo 2013
Tema og temaartistar for Førdefestivalen 2013 er klart. Festivalen finn stad frå 4. til 7. juli. Årets tema er musikk og natur.

Ei perle av dei sjeldne frå Førde

Ragnar Indrebø
Ragnar Indrebø har gjort ein kjempejobb. På fritida har han digitalisert, transkribert og korrekturlest Steens massive manuskript om Førde si historie: "Steens skrifter om Førde sokn". Det er ei perle som har vore utilgjengeleg for dei fleste. No er over 1100 sider førdehistorie tilgjengeleg for alle. Gratularar.

Luke # 19

Sølvi Lien (foto: Vidar Helle)
Førdefestivalen sin arrangementssjef Sølvi Lien opnar den nittande luka i musikkavdelinga si julekalender.

- Musikken endrar oss som menneske

Hilde Bjørkum ( (c) pressefoto Førdefestivalen)
Bak Noregs største fleirkulturelle musikkarrangement står ei engasjert dame frå Naddvik i Årdal i Sogn. 5. - 8. juli er det klart for den 23. utgåva av Førdefestivalen. Tema for årets festival er sameksistens.

17. mai feiring i Førde 1869 - tidlegast i Sogn og Fjordane?

Dybbøl Skanse - Wikipedia
«Kristian Elster og Andreas Aabel i Førde for hundre år sidan». Slik var overskrifta i ein artikkel i Firda Folkeblad i desember 1966. Den eine var diktar, den andre distriktslækjar. Artikkelforfattaren ”K.G.” trur det var desse to som skipa til den første 17. mai-feiringa i Førde, i 1869. Nå lurer vi på om nokon kjenner til markering av nasjonaldagen i Sogn og Fjordane - før 1869.

Det eldste arkivet til Førde kommune er klar til bruk

Tysdag 15.mars vart 15 pallar med eldre arkivmateriale frå Førde kommune sende til Fylkesarkivet. Fredag 30.mars var heile arkivet grovordna og på plass i hyllene, klart til bruk.

Førde kommune har avlevert arkivet sitt

Arkivleiar Marit Steinset har klargjort 117 kassar til avlevering.
Tysdag 20. mars var dagen då det kommunale arkivet eldre enn 1964 vart avlevert frå Førde kommune. For arkivleiar Marit Steinset vart dette avslutninga på fleire vekers jobbing for å klargjera det til avlevering. No er det kommunearkivarane på Fylkesarkivet som overtek jobben med utpakking og systematisering av arkivet.

Folkemusikkperler frå Sogn og Fjordane - Hilde Bjørkum sine favorittlåtar

Hilde Bjørkum (pressefoto Førdefestivalen)
Musikkavdelinga ved Fylkesarkivet har invitert ulike utøvarar og arrangørar med tilknytning til Sogn og Fjordane, til å lage spelelister med musikk frå fylket. Den fyrste til å dele speleliste er Hilde Bjørkum, tidlegare musikkarkivar hjå Fylkesarkivet, og direktør for Førdefestivalen dei siste tjue åra.

Utstilling på Sogn og Fjordane kunstmuseum

I morgon, torsdag 10.februar, opnar Ingrid Lønningdal si seperatutstilling "Every Building an Experiment" på Kunstsenteret Førdehuset.

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 65 61 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login