Stryn

100 arkiv frå Stryn på Arkivportalen.no

Medan arkiva frå Stryn og Innvik enno stod på pallar i magasinet
Kommunearkivordninga jobbar jamt og trutt med å grovordna og registrera arkiv som vart skapt før den store kommunereforma rundt 1964. Dei siste månadane er det arkiva etter «gamle» Stryn kommune som har stått i fokus.

Konsert med Erlend Apneseth

Erlend Apneseth (foto: Vegard Fimland)
Tysdag 1. april klokka 19.00 spelar Erlend Apneseth konsert i ungdomshuset Skogstjerna i Stryn. Spelemannslaget Fjelljom er arrangør for konserten, der ein vil få høyre solo hardingfelespel frå ein framifrå ung spelemann.

Foto frå husmannslivet

Stova på husmannsplassen Reiskåra. Fotograf: Elias Bentson Gald.
Husmannssonen Elias Bentson Gald (1887-1968) frå Stryn etterlet seg ei lita samling glasplater som no er tilgjengeleg i fotobasen. Samlinga har motiv frå husmannsplassen Reiskåra på Gald i Stryn og frå USA.

Interessert i gamle Innvik kommune?

Arkiv frå Stryn og Innvik kommunar
Frå 1837 til og med 1964 var Innvik eigen kommune. Fylkesarkivet tok i 2007 inn arkiv frå Innvik kommune. Dei siste månadane har me gått gjennom alt arkivmaterialet, og det er laga register over kva arkivmateriale som finst. Dette er no søkbart på Arkivportalen.no

Kukoppe-Indpodnings-Attest

Kukoppe-Indpodnings-Attest
I arkivet etter Innvik Helseråd fann me dette dokumentet frå 1885. Det gjev eit lite blikk inn i ein viktig del av utviklinga av helsevesenet vårt.

Fleire Berge-bilete til Fylkesarkivet

Negativalbum nr. 20-22 inneheld bilete frå åra 1952-1955. Foto: Elin Østevik.
I fjor fekk vi negativsamlinga etter ingeniør Kristian Berge (1887-1965) i gåve frå Stryn kommune. No har fleire negativ etter Berge dukka opp hjå slektningane til Berge.

Veit du kven som var ordførar i kommunen din i 1932-1934?

Ordførarar i fylket i perioden 1932-1934
Ikkje? Då veit du kan hende ikkje kven som var varaordførar heller? Dersom du er interessert i dette, kan du klikka deg inn på dette dokumentet og finna det ut. Her er ei oversikt over kven som var ordførar og varaordførar i alle dei 39 kommunane i Sogn og Fjordane i denne perioden.

"Ny Glød" - ny plateutgjeving frå Arne M. Sølvberg

Platecover Ny glød (Arne M. Sølvberg)
Spelemannen Arne M. Sølvberg frå Stryn har slept plata "Ny Glød".

Båtstoppestaden Innvik og dampskipsekspeditør Olaf Bennæs

INDVIKEN stod det i mange år med store bokstavar på kaibygningen i Innvik, Stryn. Huset vart bygt tidleg på 1900-talet, og var i bruk som dampskipsekspedisjon for Fylkesbaatane til 1986 då det var slutt på regelfaste anløp. Alle stoppestadene i Fylkesbaatane sitt rutenett hadde ekspeditør. Olaf Bennæs (1910-2006) var dampskipsekspeditør i Innvik over 40 år, frå 1942 til 1986.

Garden Sølvberg frå gamalt av

Gamle Sølvbergstunet
Kåre Nygård har sendt oss ei interessant soge om garden Sølvberg. Skriftet inngår i ein serie om gamle tun på Nordsida i Stryn.

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 65 61 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login