Vi held no på å registrera sakene som var handsama i Davik kommune i perioden 1837-1873. Her er mykje historie frå den tid kommunane vart oppretta. Skrivarane i gamle Davik kommune skreiv gode og detaljerte referat frå møta i formannskapet og vi får eit godt bilete av samtida.
I samarbeid med Sogn og Fjordane Energi er Fylkesarkivet i gang med å samle inn og ordne det eldste arkivtilfanget frå Ytre Fjordane Kraftlag. I dette materialet ligg det spanande kjelder om krafthistoria i fylket vårt.