Programmet for årets Førdefestival er no komplett. Festivalen kan frå 4. til 7. juli mellom anna by på tingingsverk med Majorstuen, og konsertar med Linda Gytri, Unni Løvlid, Kari Malmanger og Ottar Kåsa. Dessutan står danseforestillinga Kartellet på programmet.
Ragnar Indrebø har gjort ein kjempejobb. På fritida har han digitalisert, transkribert og korrekturlest Steens massive manuskript om Førde si historie: "Steens skrifter om Førde sokn". Det er ei perle som har vore utilgjengeleg for dei fleste. No er over 1100 sider førdehistorie tilgjengeleg for alle. Gratularar.
Bak Noregs største fleirkulturelle musikkarrangement står ei engasjert dame frå Naddvik i Årdal i Sogn. 5. - 8. juli er det klart for den 23. utgåva av Førdefestivalen. Tema for årets festival er sameksistens.
«Kristian Elster og Andreas Aabel i Førde for hundre år sidan». Slik var overskrifta i ein artikkel i Firda Folkeblad i desember 1966. Den eine var diktar, den andre distriktslækjar. Artikkelforfattaren ”K.G.” trur det var desse to som skipa til den første 17. mai-feiringa i Førde, i 1869. Nå lurer vi på om nokon kjenner til markering av nasjonaldagen i Sogn og Fjordane - før 1869.
Tysdag 15.mars vart 15 pallar med eldre arkivmateriale frå Førde kommune sende til Fylkesarkivet. Fredag 30.mars var heile arkivet grovordna og på plass i hyllene, klart til bruk.
Tysdag 20. mars var dagen då det kommunale arkivet eldre enn 1964 vart avlevert frå Førde kommune. For arkivleiar Marit Steinset vart dette avslutninga på fleire vekers jobbing for å klargjera det til avlevering. No er det kommunearkivarane på Fylkesarkivet som overtek jobben med utpakking og systematisering av arkivet.
Musikkavdelinga ved Fylkesarkivet har invitert ulike utøvarar og arrangørar med tilknytning til Sogn og Fjordane, til å lage spelelister med musikk frå fylket. Den fyrste til å dele speleliste er Hilde Bjørkum, tidlegare musikkarkivar hjå Fylkesarkivet, og direktør for Førdefestivalen dei siste tjue åra.