Tidlegare i år fekk Fylkesarkivet ei fotosamling på kring 300 bilete med motiv frå prestegarden i Eivindvik i gåve frå Karl-Anders Hovden. Eit lite utval bilete frå samlinga er no tilgjengeleg på nettsidene våre.
Måndag 22.oktober reiste kommunearkivordninga mannsterke på vitjing til Gulen kommune. På dagsorden stod elektroniske arkiv, samt papirarkiv danna etter 1964.
På kommunearkivordninga har fokus i det siste mellom anna vore å få best mogleg oversikt over dei kommunale arkiva i depot. I 2006 avleverte Gulen kommune arkiva frå Brekke og Gulen kommunar eldre enn 1964 til depot på fylkesarkivet. Saman med arkivet frå Førde, har desse arkiva stått i fokus den siste tida. No er arkiva frå Brekke og Førde på Arkivportalen.no.
Fylkesarkivet har til no registrert heile 96 000 formannskapssaker i databasane våre, dei fleste med kjeldekopi, og fleire kjem. Formannskapsprotokollane er ei unik historisk kjelde. Prøv eit søk, her er mykje å finne.
Stormar har dei siste dagane herja i fylket vårt. Det er meldt om store materielle øydeleggingar. Dagmar har knekt tre, kasta båtar på land, og elles fare stygt med bygningar og vegar. Heldigvis ser dei menneskelege skadane ut til å vere små. Brottvêr har fleire gonger heimsøkt Sogn og Fjordane, og ein av dei verste var truleg orkanen i 1822.
Mange tidlegare grendeskular har fått eit nytt liv som grendehus . Takle skule er ein av desse, og deler av skulehistoria vil no kome i bokform, saman med lokale huldrehistoriar.