Hermund Kleppa, tidlegare arkivar ved Fylkesarkivet, stilte 5.10.12 spørsmålet «Når kom fylkesmannen til Leikanger?» på Facebook. Svaret fann han i dag på Fylkesarkivet, og året er 1862.
Like sikkert som at trekkfuglane fyk sørover på denne tida, like sikkert er det at vi får besøk frå 8.klassane frå Leikanger ungdomsskule. Dei skal hente kunnskap om bygda si og kjem då til oss. Det likar vi godt.
Ei koparplate frå grunnmuren i Sogns Barneheim kom i førre veke inn til fylkesarkivet. Det er eit lite klenodium som no har slått følgje med det andre arkivtilfanget frå barneheimen.
8. mai – Frigjeringsdagen og Nasjonal veterandag. Bergen har 21 markeringar. Klokka 12.00 legg ordførar Trude H. Drevland i Bergen ned krans ved krigsminnesmerket på Rotunden i Veiten. På minnesmerket står desse orda: «Til minne om dem som ble torturert av Gestapo i krigen 1940-1945.» Ein av dei var Olav Rise frå Leikanger.
Blå himmel og gnistrande skiføre lokkar oss i desse dagar til uteaktivitetar. Det gjorde det òg på Leikanger for 90 år sidan. Fylkesarkivet har digitalisert ei skiavis frå 1922, med både dikt, rennreferat og rapport frå ein hyttetur.
Det er 100 år sidan dei reiv prestegards-huset på Leikanger, og sende materialen til Austlandet, første etappe pr. båt til Bergen og derifrå med jernbane austover. No står huset på Norsk Folkemuseum i Oslo, innreidd med møbler og anna utstyr frå familien Thaulow.