INDVIKEN stod det i mange år med store bokstavar på kaibygningen i Innvik, Stryn. Huset vart bygt tidleg på 1900-talet, og var i bruk som dampskipsekspedisjon for Fylkesbaatane til 1986 då det var slutt på regelfaste anløp. Alle stoppestadene i Fylkesbaatane sitt rutenett hadde ekspeditør. Olav Bennæs (1910-2006) var dampskipsekspeditør i Innvik over 40 år, frå 1942 til 1986.
Inspirert av folkemusikk.no sin adventskalender, har Fylkesarkivet si musikkavdeling invitert utøvarar knytt til Sogn og Fjordane, til å bidra med kvar si luke i julekalenderen for 2012.
I helga gjekk Vestlandskappleiken 2012 av stabelen på Osterøy i Hordaland. Audhild Flaktveit Moxnes sin minnepris vart utdelt til hardingfelespelaren Nikolai Storevik frå Stryn.
Fylkesarkivet si musikkavdeling har nett no avslutta arbeidet med arkivet etter Rolf Myklebust. Prosjektet tok til 1. oktober 2011, og var støtta av Norsk kulturråd.
Vi har lagt ut ei lita samling med bilete etter fotograf Knut Aaning frå Stryn på Flickr-profilen vår. Aaning jobba som fotograf i Oppstryn og nærliggjande bygder. Blant bileta som vi no har lagt ut til fri bruk på Flickr finn du mellom anna bilete av Innvik ungdomslag, Mindresunde Hotel og fleire store gruppebilete frå bryllaupsfestar.
Fylkesarkivet har nyleg motteke ei samling på kring 3000 foto etter Kristian Berge (1887-1965) frå Stryn bibliotek. Samlinga består av negativar frå perioden 1912-1962 og 3 esker med lysbilete. Negativa ligg i album med gode opplysningar om motiv og datering. Også lysbileta er det opplysningar til. Nokre døme frå samlinga ser du her.