Laurdag 4.mai 2013 står kvinnene i sentrum på De Heibergske Samlinger/Sogn Folkemuseum. Utstillinga Kvinnestemmer frå Sogn og Fjordane opnar, og Sigrid Moldestad, ei av våre mest kjende musikalske stemmer, held konsert. Ei spanande utstilling i bilete, ord og tonar.
Fyrste nummeret av Kjelda for 2013 er i desse dagar på veg ut til tingarane våre. I dette nummeret kan du lese intervju med Karl Seglem, om norskamerikanaren som fekk oppkalla to byar etter seg, og om Dina Krog Paasche – den fyrste kvinnelege kommunestyrerepresentanten i Sogn og Fjordane.
5. mars var det 60 år sidan den sovjetiske diktatoren Josef Stalin døydde. To år før Stalin gjekk bort vitja fagforeiningsleiaren Bernhard Alsvik frå Høyanger Sovjetsamveldet.
Dette var meldinga på eit kort hesten Fanaraak i 1910 sende til formannen i Sogn og Fjordane Landbruksselskap. Han hadde i fleire år gjort teneste som avlshingst i fylket.
Jubileumsprosjektet «Kvinnestemmer frå Sogn og Fjordane» er blitt 150 000 kroner rikare. Søknaden gjekk gjennom nålauga hos Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet.
Denne veka gjer Jorun Marie Kvernberg og Øyvind Sandum to konsertar i Sogn og Fjordane, i høve platesleppet for "Tidens Løsen". Fredag 15. februar speler duoen på Jostedal hotell, og sundag 17. februar i Valhall på Nordfjordeid.
Dei første fem negativalbuma etter ingeniør Kristian Berge (1887-1965) frå Stryn er no digitalisert og tilgjengeleg i fotobasen. Eit utval på 120 bilete frå samlinga er også gjort fritt tilgjengeleg på Fylkesarkivet sin Flickr-profil.
Ved Fylkesarkivet er det ledig eit engasjement, med varigheit 6 mnd. knytt til fagområdet foto. Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak vere digitalisering og bilethandsaming av kulturhistoriske foto. Vi søkjer etter ein positiv og omgjengeleg person som har utdanning innanfor foto, kultur- og samfunnsfag, og som har generell god IKT-kompetanse. Erfaring med registreringsarbeid og/eller digitalisering/elektronisk biletbehandling er ein stor fordel.
Ein viktig del av jobben for oss på Fylkesarkivet er å hjelpa publikum med å finna ut av ulike spørsmål som ein kan finna svar på i arkiva. Frå 2006 har Fylkesarkivet vore depot for dei fleste kommunale arkiva i fylket. Dei siste to åra har me ført statistikk over kor mange førespurnadar det er frå desse arkiva, og me ser at talet aukar.
Saman med Vestllandsforsking og fleire andre partnarar, skal Fylkesarkivet utvikle nye måtar å registrere og synleggjere innhald i arkiv og databasar. Utviklingsprosjektet er planlagd over 3 år, og vil ta i bruk ny og spanande teknologi som ofte blir om talt som semantisk web. Det vil vere første gongen denne teknologien blir forsøkt utprøvd i arkiv- og museumssektoren i Noreg i større målestokk.