Kommandøren. Namnet går som ein raud tråd gjennom soga til fylkesrederiet i Sogn og Fjordane. Kommandør Lous var administrerande direktør frå starten i 1858 til 1896. I 1891 heidra fylkestinget kommandør Lous med å gje eit nytt skip namnet «Kommandøren».
«Almanakk for Noreg» er ei innhaldsrik trykksak. I kalendariet står namn på personar og hendingar, t.d. på dagen i dag, 20. februar: «Første bondevennforening 1865.» Sjølv «møtte» eg Søren Jaabæk og bondevenene i folkeskulen på 1950-talet. Det stod om Jaabæk i noregssoga «Vi ere en nasjon» og me høyrde om Jaabæk i skulekringkastinga.
Firda hadde 23. januar ein artikkel om Thorvald Netteland frå Solund, som med sine 105 år er eldst i landet. Den lengstlevande personen frå Sogn og Fjordane gjennom tidene er Laura Hansine Svehaug, opphavleg frå Selje. Ho vart over 111 år. Dette opplyser Celvin Ruisdael, som har undersøkt folk med høg alder i Noreg.
I fotosamlinga til Jon Rasmus Langeset Vik er det tett mellom fotoperlene. Vi har nyleg omtala albumet «La Norvege» frå 1922. No er fleire godbitar digitaliserte, mellom dei bilete frå Lodalsulykka i 1936 og unike årgangspositivar laga av dei kjende fotografane Axel Lindahl og Knud Knudsen.
Fylkesarkivet har til no registrert heile 96 000 formannskapssaker i databasane våre, dei fleste med kjeldekopi, og fleire kjem. Formannskapsprotokollane er ei unik historisk kjelde. Prøv eit søk, her er mykje å finne.
Som den 23. kommunen i fylket har Førde kommune vedteke å avlevera det kommunale arkivmaterialet som er eldre enn 1964 til depot på Fylkesarkivet. Torsdag 26. januar var Fylkesarkivet i Førde for å planlegga arbeidet fram mot avleveringa som skal finna stad 20. mars.
Fylkesarkivet registrerte 71 nye privatarkiv i fjor. I mengd utgjer dei over 200 hyllemeter. Det aller største var arkivet frå Firda Canning, som aleine fyller om lag 140 hyllemeter.