Nyhende

Kom heim til si eiga gravferd

«Englenderen», Mr. Thomas Davis, fødd 25. april 1867 på Jersey, som blei berga i
Den 13. mars 1883 grunnstøytte skonnerten «Satellite» frå Jersey på ein sandbanke aust av Norfolk i England. Utfallet av uhellet var uvisst. I verste fall kunne mannskapet måtta gå frå borde. Dei sette lettbåten på sjøen med skipspapir og andre verdisaker og 16 år gamle Thomas Davis om bord i båten for å passa på. Men lettbåten sleit seg og rak av austover og ut av syne utan at nokon kunne koma til med hjelp. Etter fleire timar greidde mannskapet å få «Satellite» av grunnen og trygt i hamn i Southampton. Kapteinen rapporterte om lettbåten og rekna med at Thomas var omkomen.

Kjelda

Kjelda nr 1 2013
Fyrste nummeret av Kjelda for 2013 er i desse dagar på veg ut til tingarane våre. I dette nummeret kan du lese intervju med Karl Seglem, om norskamerikanaren som fekk oppkalla to byar etter seg, og om Dina Krog Paasche – den fyrste kvinnelege kommunestyrerepresentanten i Sogn og Fjordane.

Båtstoppestaden Innvik og dampskipsekspeditør Olav Bennæs

INDVIKEN stod det i mange år med store bokstavar på kaibygningen i Innvik, Stryn. Huset vart bygt tidleg på 1900-talet, og var i bruk som dampskipsekspedisjon for Fylkesbaatane til 1986 då det var slutt på regelfaste anløp. Alle stoppestadene i Fylkesbaatane sitt rutenett hadde ekspeditør. Olav Bennæs (1910-2006) var dampskipsekspeditør i Innvik over 40 år, frå 1942 til 1986.

Fleire midlar til prosjektet «Kvinnestemmer frå Sogn og Fjordane»

Jubileumsprosjektet «Kvinnestemmer frå Sogn og Fjordane» er blitt 150 000 kroner rikare. Søknaden gjekk gjennom nålauga hos Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet.

Kommunal Rapport om arkivmeldinga

I nettutgåva til kommunal rapport kan du lese om korleis arkivmeldinga blir oppfatta i det kommunale arkivmiljøet

Prosjektstilling - fotovern/digitalisering

Ved Fylkesarkivet er det ledig eit engasjement, med varigheit 6 mnd. knytt til fagområdet foto. Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak vere digitalisering og bilethandsaming av kulturhistoriske foto. Vi søkjer etter ein positiv og omgjengeleg person som har utdanning innanfor foto, kultur- og samfunnsfag, og som har generell god IKT-kompetanse. Erfaring med registreringsarbeid og/eller digitalisering/elektronisk biletbehandling er ein stor fordel.

350.000 kr frå Kulturrådet til prosjekt om teknologi og innhaldstenester

Semantic Web
Saman med Vestllandsforsking og fleire andre partnarar, skal Fylkesarkivet utvikle nye måtar å registrere og synleggjere innhald i arkiv og databasar. Utviklingsprosjektet er planlagd over 3 år, og vil ta i bruk ny og spanande teknologi som ofte blir om talt som semantisk web. Det vil vere første gongen denne teknologien blir forsøkt utprøvd i arkiv- og museumssektoren i Noreg i større målestokk.

Fylkesarkivet – ein del av det offentlege

Den nye offentleglova tok til å gjelde 1. januar 2009.
Brev til Fylkesarkivet kjem på postlista og kan lesast av alle, dersom det ikkje inneheld opplysningar som ikkje skal offentleggjerast.

Bygdebøker på Internett

Bygdebok for Gaular
Slektsforsking er i vinden for tida. Før ein kastar seg ut i kjeldegranskinga, er det ofte lurt å gjere seg kjend med dei prenta ættesogene. Fleire av dei ligg tilgjengeleg på Internett.

Jubileumsprosjektet Kvinnestemmer frå Sogn og Fjordane får kr 100 000 frå Fritt Ord

I 2013 er det 100 år sidan Noregs kvinner fekk full stemmerett. Fylkesarkivet og Musea i Sogn og Fjordane vil i stemmerettsåret vise fram mangfaldet av kvinnestemmer frå fylket. Organisasjonen Fritt Ord trur på prosjektet og har difor løyvt kr 100 000.

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 65 61 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login