"With thanks from Bremanger for your hospitality for all Norwegians during 1940-1945", står det på ei treplate skipper Jostein Nødseth overleverer til byen Scalloway 17. mai. MS «Haugefisk» er ein ev fleire båtar som har kryssa Nordsjøen dei siste dagane. Statsminister Jens Stoltenberg opnar nytt museum i byen på nasjonaldagen vår.
«Kristian Elster og Andreas Aabel i Førde for hundre år sidan». Slik var overskrifta i ein artikkel i Firda Folkeblad i desember 1966. Den eine var diktar, den andre distriktslækjar. Artikkelforfattaren ”K.G.” trur det var desse to som skipa til den første 17. mai-feiringa i Førde, i 1869. Nå lurer vi på om nokon kjenner til markering av nasjonaldagen i Sogn og Fjordane - før 1869.
8. mai – Frigjeringsdagen og Nasjonal veterandag. Bergen har 21 markeringar. Klokka 12.00 legg ordførar Trude H. Drevland i Bergen ned krans ved krigsminnesmerket på Rotunden i Veiten. På minnesmerket står desse orda: «Til minne om dem som ble torturert av Gestapo i krigen 1940-1945.» Ein av dei var Olav Rise frå Leikanger.
Det er 104 år sidan fylkets første fagforeining, Vadheim Arbeidsmands-forening, vart skipa. I anledning 1. mai, har vi sett litt på kva som skjedde den gongen i 1908. I februar vart det starta opp ein fagforeining på den då nyanlagde Vadheim Elektrochemiske Fabriker. På denne februardagen i 1908 melde seg det seg inn 17 arbeidarar. Dette er den første kjende fagorganiseringa i Sogn og Fjordane.
23. april vart det tredje Wikipedia Academy arrangert i Noreg. Seminaret blir arrangert av Wikipedia Norge, og er den viktigaste dialogen Wikipedia har med omverda. I år var fokus på digital formidling og samarbeidet med ABM-sektoren (ArkivBibliotekMuseum). Både HKH Kronprins Håkon og grunnleggaren av Wikipedia, Jimmy Wales var til stades på delar av seminaret.
Den 25. april er det 72 år sidan kaptein i Fylkesbaatane, Thorvald Johanessen omkom i eit tysk bombeangrep. Fylkesbaatane sin båt «Kommandøren», låg til kai i Leikanger, då tyske fly synte seg på himmelen. Folk rømde på land for å finna dekning.
Kommandøren. Namnet går som ein raud tråd gjennom soga til fylkesrederiet i Sogn og Fjordane. Kommandør Lous var administrerande direktør frå starten i 1858 til 1896. I 1891 heidra fylkestinget kommandør Lous med å gje eit nytt skip namnet «Kommandøren».
«Almanakk for Noreg» er ei innhaldsrik trykksak. I kalendariet står namn på personar og hendingar, t.d. på dagen i dag, 20. februar: «Første bondevennforening 1865.» Sjølv «møtte» eg Søren Jaabæk og bondevenene i folkeskulen på 1950-talet. Det stod om Jaabæk i noregssoga «Vi ere en nasjon» og me høyrde om Jaabæk i skulekringkastinga.