Fylkesarkivet arbeider for å sikre arkiva frå alle kommunane i fylket og fylkeskommunen. Ein av dei viktigaste måtane å sikre arkiv, er å syte for god oppbevaring. Arkiva i Fylkesarkivet sitt depot på Leikanger er gått ut av dagleg bruk, men representerer ein viktig og unik informasjonsressurs. Arkiva omfattar perioden frå slutten av 1700-talet og fram til 2000-talet.
Sakte, men sikkert arbeider me oss gjennom dei kommunale arkiva som er plasserte i depot her på fylkeshuset. Målet er å gjera arkiva meir tilgjengelege for folk flest. I det siste er dei kommunale arkiva frå Balestrand grovordna, registrerte og arkivkatalogen er tilgjengeleg på Arkivportalen.no.
Ein viktig del av jobben for oss på Fylkesarkivet er å hjelpa publikum med å finna ut av ulike spørsmål som ein kan finna svar på i arkiva. Frå 2006 har Fylkesarkivet vore depot for dei fleste kommunale arkiva i fylket. Dei siste to åra har me ført statistikk over kor mange førespurnadar det er frå desse arkiva, og me ser at talet aukar.
19. desember vart årets siste ladning med tannhelsejournalar avlevert til Fylkesarkivet. Journalane kom frå tannklinikkane i Gaupne og Hafslo. Med avleveringa frå desse klinikkane har i alt 28 klinikkar levert sine gamle journalar til Fylkesarkivet.
Fredag 7. desember var Fylkesarkivet på synfaring i fjernarkivet til Luster kommune. Dei ynskjer å setja i gang å klargjera arkiv yngre enn 1963 for avlevering.
Arkivportalen er inngangsporten til arkiv frå heile landet. Etter å ha systematisert og registrert arkiva frå Kyrkjebø kommune, er det no mogleg å søka i desse arkiva på arkivportalen.no.
Tysdag 27. november vart arkiv frå sentraladministrasjonen i Flora overflytta frå Flora kommune til Fylkesarkivet. Fylkesarkivet skal ordna arkivet som er danna i perioden mellom 1964 og 1993. Sidan skal det avleverast til depot på Fylkeshuset.