Auf Kommentar antworten

Festdagen 1. mai

1. mai toget i Høyanger 1936
1. mai som arbeidarane sin kamp- og festdag går over hundre år attende. I 1889 vedtok Den andre Internasjonale at fyrste dagen i mai 1890 skulle vere arbeidsfolket sin demonstrasjonsdag. Dagen vart òg markert fleire stader i Noreg.

Det er såleis ein dag med lange tradisjonar. Den har blitt eit symbol på dei fagorganiserte sitt samhald og styrke.

Fylkesarkivet har i fleire år arbeidd med å ta vare på arbeidarhistoria for Sogn og Fjordane. Til no har me registrert litt i underkant av 250 ulike arbeidararkiv. På denne sida finn du ei liste over arkiva. Det er mogeleg å sortere dei på namn, type arkiv og kommune.

I tillegg har Fylkesarkivet digitaliserte kopiar av møtebøker frå arbeidarpartilag i fylket fram til ca 1940. Der kan du lesa om korleis 1. mai vart markert rundt om i Sogn og Fjordane før krigen, og dessutan mykje anna spanande.

Litteratur: Wikipedia

Antworten

Der Inhalt dieses Feldes wird nicht öffentlich zugänglich angezeigt.
  • Internet- und E-Mail-Adressen werden automatisch umgewandelt.
  • Zulässige HTML-Tags: <h3> <a> <em> <strong> <cite> <code> <ul> <ol> <li> <dl> <dt> <dd>
  • HTML - Zeilenumbrüche und Absätze werden automatisch erzeugt.

Weitere Informationen über Formatierungsoptionen

Mit dem Absenden dieses Formulars, akzeptieren Sie die Datenschutzrichtlinie von Mollom.

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 65 61 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login