Auf Kommentar antworten

Årdal sogelag registrerer Hydro-bilete

Kurs i fotoregistrering på Klingenberg Hotel. Fotograf: Jonny Asperheim.
Øvre Årdal før utbygginga tok til. Bilete frå fotosamlinga til Hydro Årdal.
Fredag 30. september var fotoarkivaren i Årdal og heldt kurs i fotoregistrering for Årdal sogelag. Sogelaget har nemleg teke på seg jobben med å registrere opplysningar til dei historiske fotografia til Hydro Aluminium Årdal.

I september 2007 vart dei historiske delane av fotoarkivet til Hydro Aluminium Årdal deponert hjå Fylkesarkivet. Alt i alt tok vi i mot ca. 8.500 foto og kring 10.000 tekniske teikningar. Vi jobbar no med å digitalisere og registrere eit utval på 5000 fotografi frå samlinga. Viktig historisk kjeldemateriale som til dømes fotografia tyskarane tok frå byggjeprosessane i krigsåra vil bli prioritert i dette arbeidet.

 

Fylkesarkivet har så langt digitalisert 2500 fotografi, og på fredag 30. september vart også registreringsarbeidet sparka i gang. Vi er takksame for å få Årdal sogelaget med på laget, og ser fram til eit godt og produktivt samarbeid i tida framover! Bileta frå Hydro Aluminium Årdal vil bli tilgjengelege på heimesida våre etterkvart som registreringsarbeidet skrir fram.

Antworten

Der Inhalt dieses Feldes wird nicht öffentlich zugänglich angezeigt.
  • Internet- und E-Mail-Adressen werden automatisch umgewandelt.
  • Zulässige HTML-Tags: <h3> <a> <em> <strong> <cite> <code> <ul> <ol> <li> <dl> <dt> <dd>
  • HTML - Zeilenumbrüche und Absätze werden automatisch erzeugt.

Weitere Informationen über Formatierungsoptionen

Mit dem Absenden dieses Formulars, akzeptieren Sie die Datenschutzrichtlinie von Mollom.

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 65 61 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login