Auf Kommentar antworten
Orgelbrus i Nordfjord og kommunale møtebøker
Ei slik kjekk tilbakemelding fekk vi her ein dag då tidsskriftet
Orgelspeilet nr 4- 2011 dumpa ned på pulten min, som takk for hjelpa frå
forfattaren av artikkelen om Orgelhistoria
i Nordfjord. Rune Molvik var på jakt etter spor av orgelkjøp i nokre Nordfjordkommunar
i ein bestemt periode. Eldre kommunale møtebøker inneheld svært mykje
informasjon om kommunal drift og aktivitet, og di eldre dess meir detaljert
informasjon finn vi då i slike protokollar. Orgelkjøp var ein heller stor investering, og
det ville vere rimeleg at dette var nemnt i dei kommunale møtebøkene. Til vår
store glede fann vi ein del opplysningar som kunne gå inn artikkelen. Forfattaren var nøgd og vi likeeins.
Forfattaren leverer ein spanande artikkel om orgellandskapet
i Nordfjord, som strekkjer seg attende tilbake til 1890. Vi takkar for den
hyggelege gåva.
Antworten
- Om Fylkesarkivet
- Arkiv og kjelder
- Våre tenester
- Prosjekt
- Lenker

