Auf Kommentar antworten
Stein med innskrift i Gaular
Publisert av Per Olav Bøyum, onsdag 30.05.2012
Joar Sande har sendt oss biletet av ein stein med inskripsjonen OSS 1889, som han nyleg fann ved plassen Sandagjære i Gaular. Er det nokon som har meir informasjon om denne steinen?
Joar fortel at steinen vart brukt i muren på ei klopp ved Sandagjære, ein plass under garden Sande. Den kom til synet etter at kloppa vart køyrt sund. Men kva fortel inskripsjonen?
Joar opplyser vidare at:
Vegen forbi Sandagjære vart lagt ned rundt år 1900, og forklaringa kan vere at steinen sto ved vegen, slik at den var ganske ny då vegen vart lagt ned. I Sandagjære var det utskifting i 1899 - 1901, kloppen vart kanskje mura like etter, og steinen lagt inn i muren då.
Arkivar emeritus ved Fylkesarkivet, Hermund Kleppa, opplyser at det å signere vegarbeid og bruarbeid med årstal var nokså vanleg. Men kven gøymer seg bak initialane OSS? Tips oss gjerne, anten i kommentar-feltet eller på e-post.
Antworten
- Om Fylkesarkivet
- Arkiv og kjelder
- Våre tenester
- Prosjekt
- Lenker

