Foto
Foto finst i mange former og i mange typar arkiv. Fotografia er viktige kjelder til kunnskap om fortida og samtida. Dei fortel oss både om korleis samfunn, busetnad og mykje meir har endra seg over tid, og om korleis sjølve fotografiet som uttrykksform har utvikla seg opp gjennom historia.
Aktuelt
|
(13.06.2013)
Ny måling, nye lys og ikkje minst nye kompaktreolar - fotomagasinet på Sandane har blitt «nytt». Med dei nye kompaktreolane har vi fått mykje meir oversiktelege lagringstilhøve på magasinet, og ikkje minst har vi fått masse ledig hylleplass.
|
|
(05.02.2013)
Dei første fem negativalbuma etter ingeniør Kristian Berge (1887-1965) frå Stryn er no digitalisert og tilgjengeleg i fotobasen. Eit utval på 120 bilete frå samlinga er også gjort fritt tilgjengeleg på Fylkesarkivet sin Flickr-profil.
|
|
(16.01.2013)
I dag er det fem år sidan den første bevaringsinstitusjonen la ut bilete til fri bruk på Flickr Commons. Vi feirar dagen med fire flotte fotogalleri sett saman av Library of Congress. I galleria finn du eit utval av dei mest populære og interessante bileta frå alle institusjonane som er del av Flickr Commons, Fylkesarkivet inkludert.
|
Siste foto frå Fylkesarkivet på Flickr
- Om Fylkesarkivet
- Arkiv og kjelder
- Våre tenester
- Prosjekt
- Lenker








