Om Aurland i kulturhistorisk leksikon

I Aurlandsdalen finn ein fleire nedlagde gardar, ein av desse er Sinjarheim. Garden ligg høgt og fritt på eit høgdedrag med gjel, juv og fossar på alle kantar. Sjølv om omgjevnaden er dramatisk har det budd folk her i lange tider. Garden vart fråflytt i 1922 og forfallet sette etter kvart inn. Men bygningane på Sinjarheim vart i 1988 restaurerte av Fortidsminnesforeningen og garden vert no brukt som støl av Sogn jord- og hagebruksskule i Aurland.
Stigen ligg på vestsida av Aurlandsfjorden, kring 200 meter søraust for Beitelen og innløpet til Nærøyfjorden. Garden ligg bratt opp frå sjøen, kring 360 moh. Her er det fleire flater og hyller i terrenget med god matjord. Garden er omkransa av fjorden i aust, Koldegjelet i sør og fjellryggen frå Beitelen til Stiganosi i vest. Garden ligg avsides til, men på dei to gardsbruka hadde folka rimeleg gode levekår.
Nedbergo ligg på austsida av Aurlandsfjorden, 3-400 meter nordaust for Undredal. Garden ligg heller bratt opp frå sjøen, 540 moh. Oppå berget er det ein stor skråande bakke med dyrka mark. Her er god jord og gode vekstvilkår, men det kan stundom bli for turt. Det er tre stølar austover og sørover i fjellet, Heimestølen, Vassete og Nisedalen. Garden har jaktrettar på hjort og rein.
Horten ligg på austsida av Aurlandsfjorden, kring 560 moh., om lag ein kilometer nord for Nedbergo. Ein kan gå frå fjorden opp til garden frå nordsida, frå munninga av Kotning-dalselva. Ein kan også gå opp frå ein stad sør for garden. Garden er svært liten og vanskeleg tilgjengeleg. I ein perioden på vel 150 år frå kring 1700, var det drift på garden det meste av tida. Frå midten på 1800-talet vart garden nytta som slåttemark av ein bonde i Undredal.
Flåm er ein av dei mest populære turiststadene i Sogn og Fjordane fylke. Ikkje minst på grunn av Flåmsbana, som slyngjer seg oppover Flåmsdalen til Myrdal. Nede ved kaien ligg jernbanestasjonen og like ved finn ein det berømte Fretheim hotell. Her byrja ein med hotelldrift kring 1890, etter at engelske turistar kom for å fiska laks i Flåmselvi.
Ved Beitelen deler Aurlandsfjorden seg i to fjordarmar. Den austlege fjordarmen er breiast og vert rekna som eit framhald av Aurlandsfjorden, medan den vestlege er smal og vert rekna som ein sidearm. Det er denne sidearmen som er Nærøyfjorden, ein stor turistattraksjon med stupbratte fjell og små grender på begge sider innetter. Fjorden er med på UNESCO si verdsarvliste.
Historia til tettstaden Gudvangen tek til kring 1800. Då flytte gjestgjevaren i Arnehus i Dyrdal, Jens Knutsen Kappadal, inn til Gudvangen. Ferdsla på Nærøyfjorden tok seg opp midt på 1600-talet i samband med at den nasjonale, kongelege postvegen gjennom Lærdal, Gudvangen og Voss vart opna. Det var langt å ro frå Lærdal til Gudvangen, og gjestgiveriet i Arnehus vart difor oppretta.
Galleri Vinjum er ei kunstsamling etter aurlendingen Johannes Vinjum (1930 - 1991), ei gåve frå familien til Aurland kommune. Utstillinga har fast plass i Heradshuset (Lokalhistorisk senter).
Vangen kyrkje er ei langkyrkje i stein som står på Aurlandsvangen. Kyrkja, som er i tidleg gotisk stil, er truleg bygd i to omgangar på 1200-talet. Kyrkja vart restaurert både i 1861-1862 og i 1926. Vangen kyrkje er soknekyrkje for Vangen sokn og hovudkyrkje i Aurland prestegjeld.
Flåm kyrkje er ei langkyrkje i tre frå 1670. Kyrkja, som har 160 sitjeplassar, er bygd av byggmeister Magne Essen. Kyrkja erstatta ei kyrkje som vart riven i 1670. Dette var truleg ei stavkyrkje som stod om lag på same tufta som dagens kyrkje. Flåm kyrkje er i dag soknekyrkje for Flåm sokn i Aurland prestegjeld.

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 65 61 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login