Om Høyanger i kulturhistorisk leksikon
Ungdomshuset i Høyanger, Valhall, er landskjend for sitt karakteristiske nasjonalromantiske interiør. Huset vart vigsla i februar 1922, og har fram til i dag vore ein viktig samlingsstad for bygdefolket.
Rett nedom det gamle posthuset i Høyanger står ein minnestein over fem som sette livet til i krigsåra 1940-1945. To sat i tysk fangenskap, tre var sjøfolk i utanriksfart. Minnesteinen vart avduka 7. juni 1947.
23. juni 1943 døydde den russiske krigsfangen Iwan Schvroladsew på sjukehuset i Høyanger. Han vart gravlagd same dagen på kyrkjegarden på Høgereina. I 1946 reiste den faglege samskipnaden ein minnestein på grava hans. Steinen vart avduka 17. mai.
Det ligg eit minst 800 år gamalt gravminne på kyrkjegarden i Ortnevik. Kyrkja stod ferdig i 1925. Kyrkjegarden vart teken i bruk nokre år før. Me kjenner ikkje til at det har vore verken kyrkje eller gravstad i Ortnevik i tidlegare tider. Kva er forklaringa?
Vegen mellom Lavik og Løland i Hyllestad hadde ein samla byggjeperiode på 32 år. I 1880-94 vart vegen bygd frå Lavik til ytre Hjelmeland, og frå 1900-1905 vart vegen bygd vidare til indre Hjelmeland. Framhaldet til Løland kom først i 1912.
Olav Sande frå garden Sande i Høyanger, på sørsida av Sognefjorden, var ein allsidig mann. I tillegg til å vere ein vidgjeten toneskald, var han også diktar, segnesamlar og målmann.
I 1905 vart Norge eit heilt fritt og sjølvstendig land. Unionen med Sverige vart oppløyst ved Stortinget sitt vedtak 7. juni. Denne artikkelen handlar om 1905 i Høyanger kommune.
Daae-slekta reknar sine anar frå Jonas Edvardsen (Jon Effuertsen) som var byborgar i Trondheim (d. 1683). Han hadde to barn som levde opp. Den eine fekk god utdanning ved Katedralskulen og vart immatrikulert ved universitetet i år 1700 under navnet Anders Jonæsen Daae. Frå han stammar den borgerlege slekta Daae i Noreg.
I april år 1900 reiste Ole Johannsson Hovland til Amerika. Han hadde fire sysken. Hansine utvandra i 1903; dei tre andre i 1910. Alle var fødde på husmannsplassen Sutarvika. I 1954 sende dei pengar til eit minne om Marie Farsund Kvamme i Vadheim. Dei hadde hatt brevbyte med henne i årevis, og dei hadde sett stor pris på det.
Lars Norevik (1892-1949) var bygdeutviklar i Ortnevik. Han gjekk i gang med båtbyggjeri, han bygde elektrisitetsverk, han heldt yrkesskule, og han teikna og bygde Ortnevik kyrkje.
- Om Fylkesarkivet
- Arkiv og kjelder
- Våre tenester
- Prosjekt
- Lenker
