Om Stryn i kulturhistorisk leksikon

Jon Rosenlid (1891-1974) var frå Fjelli i Nordfjord, men budde mesteparten av tida i Bergen. Han er kjend for drivande dansespel og for mange gode slåttekomposisjonar. Han var ein av dei første som tok i bruk hardingfela i Nordfjord.
Rasmus Flo (1851-1905) voks opp i grenda Flo i Stryn. Han gjekk lærarskulen på Stord og studerte språkfag ved universitetet i Oslo. Sidan arbeidde han som lærar i 10 år, deretter som skribent og nynorskforkjempar i hovudstaden. Han døydde i 1905, berre 54 år gamal. Straks etter tok folk i Flogrenda opp arbeidet med å reisa ein minnestein.
I stigninga opp frå Hjelledalen på riksveg 15 over Strynefjellet ligg Jøl bru. Den gamle brua er bygd i 1883, og må seiast å stå som eit monument over eldre tiders vegbyggjarkunst. Ho er eit kunstverk i handmuring - særleg av di ho er bygd i ein så skarp sving. Brua er restaurert, men grunna heilårsvegen er det vanskeleg å få auge på ho.
På Flofjellet ligg det eit fint opparbeidd vegstykkje på 4,3 km på grensa mellom Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal fylke. Særmerkt for vegen er at han på begge sider av fylkesgrensa endar utan tilknyting til andre vegar. Mesteparten av vegen er bygd som ride- og gangveg. Kva var bakgrunnen for å bygga ein slik veg?
Det engelske åtaket på Måløy 3. juledag 1941 skapte full panikk i den tyske leiren og førte til at tyskarane ville opna Strynefjellet, slik at dei kunne trekkja seg tilbake landevegen. Men dei hadde ikkje rekna med det norske høgfjellet vinters tid.
Tett attmed kyrkja i Innvik står ein minnestein over bonde og stortingsmann Rasmus Sindre og kona Gyda. Han døydde i 1908, ho i 1946. Sambygdingar reiste steinen kort tid etter at Sindre døydde.
Ved førre århundrekskiftet vart Lars Nilsson Sølvberg (1861-1910) frå Utvik mykje brukt som byggmeister og arkitekt i Nordfjord. Sølvberg bygde mange ulike type bygningar og er kjend for sin bruk av sveitserstilen. Han teikna tre kyrkjer i Nordfjord og restaurerte tre andre.
To frå Sogn og Fjordane fall under frigjeringa av Finnmark vinteren 1944/1945. Den eine var Oskar Dale frå Arnafjord i Vik, den andre Kolbjørn K. Bolstad frå Oppstryn. Bolstad vart gravlagd ved kyrkja i heimbygda si 14. august 1945. Tre år seinare reiste bygda ein minnestein på grava.
Den 5. oktober 1991 vart det avduka ein minnestein over oberst Rasmus Hatledal ved ungdomshuset i Markane. Hatledal var generalstabssjef ved krigsutbrotet 9. april 1940. På steinen er også namna på soldatar som fall i krigane 1807-1814 og 1940-1945.
Fem menn frå Oppstryn sette livet til i kampen for freden og fedrelandet i krigsåra 1940-1945. 17. mai 1946 vart det avduka ein minnestein over dei ved Oppstryn kyrkje på Fosnes.

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 65 61 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login