Ny prosjektmedarbeidar ved Fylkesarkivet

Ny prosjektmedarbeidar ved Fylkesarkivet

Bodil Marie Nornes (foto: Fylkesarkivet)
Bodil Marie Nornes (foto: Fylkesarkivet)
Bodil Marie Nornes er tilsett som prosjektmedarbeidar ved Fylkesarkivet.

Bodil skal jobbe med ulike oppgåver og arkiv. Ho held for tida på med å samle inn og arkivere arkivmateriale frå Ytre Fjordane kraftlag som vart skipa i 1936. Med i dette arkivet er materiale frå Ålfotselkapet, Ålfoten interkommunale kraftselskap, som vart skipa i 1918.

I tillegg skal Bodil arbeide med saksregister til eldre møtebøker frå kommunestyre og formannskap frå kommunane i fylket.

Bodil Marie Nornes er frå Leikanger og har budd i Fardal dei siste 34 åra. Ho har i ein mannsalder jobba i Posten i Sogndal. Dei siste åra har ho omskulert seg, og teke mastergrad i historie ved Universitetet i Bergen. I masteroppvåva si skreiv Bodil om bondeeliten i Sogndal prestegjeld i perioden 1647 - 1707. Dersom du er interessert, kan du lese masteroppgåva her.

Del artikkel

Del sida

Kommentar hinzufügen

Der Inhalt dieses Feldes wird nicht öffentlich zugänglich angezeigt.
  • Internet- und E-Mail-Adressen werden automatisch umgewandelt.
  • Zulässige HTML-Tags: <h3> <a> <em> <strong> <cite> <code> <ul> <ol> <li> <dl> <dt> <dd>
  • HTML - Zeilenumbrüche und Absätze werden automatisch erzeugt.

Weitere Informationen über Formatierungsoptionen

Mit dem Absenden dieses Formulars, akzeptieren Sie die Datenschutzrichtlinie von Mollom.

Kommentare

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 65 61 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login