Besøk av DIS-Sogn og Fjordane på Fylkesarkivet

Besøk av DIS-Sogn og Fjordane på Fylkesarkivet

Kjerstin har omvising på mottaksrommet
Kjerstin har omvising på mottaksrommet
Torsdag 15. september vitja DIS-Sogn og Fjordane Fylkesarkivet. Kring 15 frammøtte fekk ei orientering om at også andre kjeldetypar enn dei tradisjonelle arkivseriane frå Arkivverket kan vere relevante for slektsgranskarar.

Interessa for slektsforsking svinga seg opp etter at NRK tidlegare i år sendte serien “Hvem tror du at du er”, der kjente personar fekk nøsta opp ætta si. Ei spanande side ved programmet var at me kom tett inn på einskildpersonar. Beingrinda - som Per Sandal kalla basisinformasjonen om menneske, som fødselsår, giftarmål og born - vart kledd på med bilete, historier og opplysingar som gjorde dei levande og fargerike.   

Det er tvillaust at dei viktigaste kjeldene for slektsforskarar er kyrkjebøker, folketeljingar og skiftemateriale. Men når dei biografiske kjerneopplysingane er på plass, vil mange finne det vel så interessant å fortsetje slektsgranskinga med å veve fram dei levde liva. Var bestefar med i lokalt styre og stell? Kva kan ei skuledagbok fortelje om livet til oldemor? Kva kan ein landhandelprotokoll frå 1800-talet vise oss om forbruk og sjølvberging i tidlegare tider?

DIS-Sogn og Fjordane fekk ei innføring i det digitale tenestetilbodet til Fylkesarkivet, med fokus på fotografi og kommunale møtebøker, før det vart omvising i magasinet og høve til å studere eit utval framlagde kjelder frå både offentlege og private arkiv.

Del artikkel

Del sida

Kommentar hinzufügen

Der Inhalt dieses Feldes wird nicht öffentlich zugänglich angezeigt.
  • Internet- und E-Mail-Adressen werden automatisch umgewandelt.
  • Zulässige HTML-Tags: <h3> <a> <em> <strong> <cite> <code> <ul> <ol> <li> <dl> <dt> <dd>
  • HTML - Zeilenumbrüche und Absätze werden automatisch erzeugt.

Weitere Informationen über Formatierungsoptionen

Mit dem Absenden dieses Formulars, akzeptieren Sie die Datenschutzrichtlinie von Mollom.

Kommentare

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 65 61 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login