Besøk frå Leikanger ungdomskule
Besøk frå Leikanger ungdomskule
Fylkesarkivar Snorre Øverbø ynskte besøket frå Leikanger ungdomskule velkomne. Han viste fram nettsidene våre og nokre tenester som kan vera aktuelle for skule-elevar i arbeidet deira. Kvart år har 8. klasse-elevane Bygda vår som tema. Elevane har i denne samanheng valt seg kvar sitt kulturminne som dei skal skriva om. Fylkesatlas og databasane til Fylkesarkivet er gode inngangsportar til å finna relevant informasjon i samband med dette.
Etter ei kort innføring i arbeidet til Fylkesarkivet, delte me gruppa i to. Den eine klassen fekk ein time med foto, den andre med kommunale arkiv. Sidan bytte gruppene tema. I timen med foto fekk elevane ein kort fotohistorisk gjennomgang. Dei fekk sjå korleis fotograferinga har endra seg, frå då negativa var på glasplater til dagens digitale bilete. Sidan dei har Bygda vår som tema, fekk dei sjølvsagt sjå mange flotte bilete frå Leikanger. Fleire av bileta var frå ei svunnen tid. Elevane fekk mellom anna sjå bilete frå ei tid då Systrond ikkje var like utprega byråkratisk som i dag. Det er ikkje så mange tiår sidan her var fleire fabrikkar, mellom anna Saften, Silden og Sygna.
I den andre timen var fokus på kommunale arkiv. Me tok elevar og lærarar med på ein runde gjennom dei ulike arbeidsromma våre. Mottaksrommet er fyrste stopp for ein stor del av arkivmaterialet som me tek i mot. Sidan blir det ordna på ordningsrommet, før det får sin faste plass på magasinet. Besøket let seg imponera over magasina, som samla tek rundt 10 000 hyllemeter med arkiv. Det vart også litt tid til praktisk jobbing. Alle elevane fekk høve til å skriva namnet sitt med fjørpenn og blekk – noko som for dei fleste er ei utfordring i dag. Det blir fort litt mykje blekk på pennen! Men det er kjekt å prøva! Me hadde også teke fram nokre dagbøker og karakterprotokollar frå seint 1800-tal/tidleg 1900-tal som elevane fekk bla i. Dette var bøker frå tre nedlagde skular; Halland, Holum og Nybø. Elevane vart utfordra på å lesa det som stod der – ikkje heilt enkelt med ord ein ikkje er van med og skrift som er annleis enn me skriv i dag.
Me avslutta besøket med ein liten spørjeleik der elevane vart utfordra på å finna fram på nettsidene våre. Sjølv om tida var for knapp til å løysa alle oppgåvene, var det tydeleg at elevane er van med å søka på Internett. Mange av oppgåvene vart løyste raskt og effektivt. Resten vil bli jobba vidare med på skulen.
Me på Fylkesarkivet tykkjer det er særs kjekt med denne type besøk, og håpar at Leikanger ungdomskule hadde nokre gjevande timar hjå oss – og at besøket gjev inspirasjon til vidare arbeid med kjeldene våre. Takk for besøket til LUS, og velkomne attende – både til Leikanger ungdomskule og andre skular.
Kommentare
- Om Fylkesarkivet
- Arkiv og kjelder
- Våre tenester
- Prosjekt
- Lenker




Kommentar hinzufügen