Fylkessoge for Sogn og Fjordane - no startar arbeidet
Fylkessoge for Sogn og Fjordane - no startar arbeidet
Personen på biletet: Joachim de Knagenhielm (1727-1796) var den første amtmannen i Nordre Bergenhus, som fylket heitte då det vart oppretta i 1763.
Han var fødd på Kaupanger og tok juridisk embetseksamen i København i 1757. Deretter vart han sekretær for ein kommisjon som skulle regulera grensa mot Sverige. Kring 1760 vart han fullmektig hjå stiftamtmannen i Bergenhus.
På hans initiativ vart Nordre Bergenhus oppretta. Som amtmann frå 1763 tok han bustad på slektsgodset i Kaupanger. Denne stillinga hadde han i åtte år. Han kom i vanskar i samband med inndrivinga av den såkalla ekstraskatten i 1760-åra, og i 1771 vart han forflytta. Han vart amtmann i Nordland og vart verande i dette embetet til 1789, Knagenhielm døydde i Bodø i 1796. (Foto av maleri hjå Christen Knagenhjelm)
- Om Fylkesarkivet
- Arkiv og kjelder
- Våre tenester
- Prosjekt
- Lenker

