Klatrefoto identifiserte

Klatrefoto identifiserte

Far og son Gunneng på toppen av Storen / Store Skagastølstind. Fotograf: Plesner
Far og son Gunneng på toppen av Storen / Store Skagastølstind. Fotograf: Plesner
Christian A. Gunneng ved Vigdalssva på veg opp Storen. Fotograf: Asbjørn Gunneng
Christian A. Gunneng ved Vigdalssva på veg opp Storen. Fotograf: Asbjørn Gunneng
16-årige Asbjørn Gunneng i Heftyes renne på Storen. Fotograf: C. A. Gunneng
16-årige Asbjørn Gunneng i Heftyes renne på Storen. Fotograf: C. A. Gunneng
Samlinga med 41 foto etter klatraren Asbjørn Gunneng (1906-1933) er no registrert takka vere etterkomarane hans.

Nevøen til Asbjørn Gunneng, som også heiter Asbjørn, skal ha ei stor takk for å ha sendt oss utfyllande opplysningar til bileta. Det syner seg at vi i samlinga finn bilete både frå Kolsås og Jotunheimen. Klatreturar til mellom anna Storen, Torfinnstindane og Store Midtmaradalstind er dokumentert i samlinga. Bileta er stort sett frå perioden 1922-1925.

Asbjørn Gunneng (1906-1933) var utdanna jurist. Han vart ein kjend fjellklatrar på 1920-talet og stod for fleire førsteklatringar i inn- og utland. Mellom anna var han saman med Boye Schlytter og Ola H. Furuseth den første til å klatre sørveggen frå Slingsbybreen opp Store Skagastølstind. Førsteklatringa av sørveggen fann stad i 1927, og er såleis ikkje dokumentert her. Men som biletsamlinga synleggjer hadde Gunneng fleire klatreturar opp Storen før den tid, mellom anna ein klatretur i 1922 som 16-åring saman med far sin Christian Andreas Gunneng. Asbjørn Gunneng døydde ung som følgje av ein dobbeltsidig lungebetennelse han pådrog seg etter ei ufrivillig overnatting på ei fjellhylle i Alpane under ein klatretur.

 

Del artikkel

Del sida

Kommentar hinzufügen

Der Inhalt dieses Feldes wird nicht öffentlich zugänglich angezeigt.
  • Internet- und E-Mail-Adressen werden automatisch umgewandelt.
  • Zulässige HTML-Tags: <h3> <a> <em> <strong> <cite> <code> <ul> <ol> <li> <dl> <dt> <dd>
  • HTML - Zeilenumbrüche und Absätze werden automatisch erzeugt.

Weitere Informationen über Formatierungsoptionen

By submitting this form, you accept the Mollom privacy policy.

Kommentare

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 65 61 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login