Den galne måndagen og anna uvèr

Den galne måndagen og anna uvèr

"Den 11te Martii dette Aar Omkom paa Søen her i Kaldet 22 Mandspersoner ved en o
"Den 11te Martii dette Aar Omkom paa Søen her i Kaldet 22 Mandspersoner ved en orkanagtig Storm fra Nordvest"
Stormar har dei siste dagane herja i fylket vårt. Det er meldt om store materielle øydeleggingar. Dagmar har knekt tre, kasta båtar på land, og elles fare stygt med bygningar og vegar. Heldigvis ser dei menneskelege skadane ut til å vere små. Brottvêr har fleire gonger heimsøkt Sogn og Fjordane, og ein av dei verste var truleg orkanen i 1822.

Den galne måndagen er nemninga på ein orkan som slo inn over landet 11. mars 1822. I Vågsøy kravde han fire menneskeliv. Enno verre gjekk det i Gulen prestegjeld. I kyrkjeboka blir det opplyst at det «Omkom paa Søen her i Kaldet 22 Mandspersoner ved en orkanagtig Storm»

Gjest Bårdsen sat på denne tida i arrest hjå lensmannen på Byrknesøy, og har skildra den dramatiske hendinga. Han fortel at himmelen svartna klokka ni om morgonen, og at det etter kort tid kom ein «rasende» storm med kraftige sluddbyer. Sjølv skal han ha våga livet sitt for å redde nokre born som hadde reist ut på ei øy for å skjere lyng.

Det er litt uvisst kor mange som sette livet til i denne orkanen, men truleg omkom over 300 menneske. Berre i Os i Hordaland skal 43 personar ha døydd som fylgje av uvêret.

Eit fæla styggevèr råka òg fylket vårt natt til 30. januar 1949, om enn i ein mildare variant enn orkanen i 1822. Dei kommunale arkiva fortel om til dels store materielle skadar. I Vevring fekk ein gardbrukar låvebygningen sin totalskadd. Berre i Askvoll kommune kom det inn 40 søknader om stønad frå Naturskadefondet. Det vart særleg meldt om takskadar på uthus og naust, men også mykje fiskereiskapar og skog vart øydelagt.

 

Kjelder og litteratur
- Vevring kommune. Formannskapet. Saks- og korrespondansearkiv
- Askvoll kommune. Formannskapet. Saks- og korrespondansearkiv
- Sogn og Fjordane fylke, Selje, Ministerialbok nr. A 8 (1816-1828), Døde og begravede 1822-1824, side 202-203.
- Sogn og Fjordane fylke, Gulen, Ministerialbok nr. A 18 (1816-1825), Døde og begravede 1822, side 128.
- Cecilie Skauge Knoph: "Den galne måndagen"

Del artikkel

Del sida

Kommentar hinzufügen

Der Inhalt dieses Feldes wird nicht öffentlich zugänglich angezeigt.
  • Internet- und E-Mail-Adressen werden automatisch umgewandelt.
  • Zulässige HTML-Tags: <h3> <a> <em> <strong> <cite> <code> <ul> <ol> <li> <dl> <dt> <dd>
  • HTML - Zeilenumbrüche und Absätze werden automatisch erzeugt.

Weitere Informationen über Formatierungsoptionen

Mit dem Absenden dieses Formulars, akzeptieren Sie die Datenschutzrichtlinie von Mollom.

Kommentare

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 65 61 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login