Smed i Sogndalsfjøra av Jarle Bondevik

Smed i Sogndalsfjøra av Jarle Bondevik

Boka om smeden Mikkel Larsson Stenehjem (1843-1912)
Boka om smeden Mikkel Larsson Stenehjem (1843-1912)
Mikkel Larsson Stenehjem (1843-1912) var smed i Sogndalsfjøra. Han let etter seg dagbøker som fortel om det sosiale livet hans og om arbeidslivet hans. No har Jarle Bondevik laga bok av desse nedtegningane. Boka er delt inn i kapitla «Familiemannen», «Deltakar i det sosiale livet», «Smeden», «Gardbrukaren», «Samfunnsmenneske» og «Modernisering». Kapitlet om smedarbeidet er det lengste. Elles viser notatbøkene at Mikkel var ein «mangesyslar» som arbeidde for seg sjølv og andre, men også hadde folk i arbeid.

Det er kjekt å lese om tilhøva i familien, om kvardag og fest. Han skriv også om helsetilstanden. Mikkel Larsson Stenehjem vart valt inn i Tilsynsutvalget for Sogndalsfjærens Skolekreds i 1892. Her engasjerte han seg i skulen og skreiv notatar om dette i ei eiga notisbok. Tilsynsutvalet inspiserte av og til undervisninga og skaffa skuleutstyr som mangla. Dei instilte også lærarar som skulestyret seinare tilsette.

Dagbok over smedarbeid skreiv Mikkel Larsson Stenehjem frå 1878 til 1912. Boka til Jarle Bondevik gjer att opplysningar akkurat som dei står i boka. Ingenting er retta på. Det var fleire smedar i Fjøra så det var konkurranse om kundane. Det var gjerne grunnen til at han tok varierte arbeidsoppgåver. Han reparerte ting og produserte nye ting som ljåblad, snidlar, tolleknivar spikar og grev. Av store ting laga han kjerrer. Ein spesialitet han hadde var å smi låsar. Etter kvart tok han også til med røyrleggararbeid. Det er spanande å lese om alle kundane han hadde. I tillegg til private kundar arbeida han også for kommunen. Ein del av arbeidet hans gjorde dei opp med bytehandel.

 

Mikkel Larsson må ha vore ein intelligent mann. Han reparerte maskiner både på fabrikken på Foss, karde- spinne- og tvinnemaskiner. Symaskiner og slåmaskiner reparererte han også. Då telefonen skulle leggast inn i kommunehuset og andre, køyrde han stolpar og monterte streng.

 

Som gardbrukar dyrka Mikkel Larsson både leigd og innkjøpt jord. Han førde liste over dyretalet frå år til år. Gardsarbeidet førte han også notatar over. Han både slo og lauva til dyra sine. Han dyrka korn og poteter og selde av overskotet. Hagevekstrar dyrka han også. Dessutan utførte han hagearbeid for andre.

 

Mikkel var også medlem av fattigkommisjonen. I tillegg gjekk han på møte i «Venstreforeningen». Misjonsmøte og lekmannsmøte tok han del i, og på 25-års jubileum for Sogndal folkehøskule. Han blei også varamedlem til formannskapet i Sogndal.

 

Den vetle boka på 80 sider fortel mykje meir om arbeid og liv i Sogndalsfjøra. Vi  møter ein arbeidsam mann og familiemedlemene hans som heilt sikkert var like arbeidsame. Boka kan ein kjøpe av Gunnar Orrestad, tlf. 99 29 74 88.  

Del artikkel

Del sida

Kommentar hinzufügen

Der Inhalt dieses Feldes wird nicht öffentlich zugänglich angezeigt.
  • Internet- und E-Mail-Adressen werden automatisch umgewandelt.
  • Zulässige HTML-Tags: <h3> <a> <em> <strong> <cite> <code> <ul> <ol> <li> <dl> <dt> <dd>
  • HTML - Zeilenumbrüche und Absätze werden automatisch erzeugt.

Weitere Informationen über Formatierungsoptionen

By submitting this form, you accept the Mollom privacy policy.

Kommentare

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 65 61 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login