Møtebok for Davik kommune er i ferd med å bli registrert
Møtebok for Davik kommune er i ferd med å bli registrert
Ei av sakene eg vil vise til vart handsama den 26.november 1838 i Formanns- og
representantsmøte på handelstaden Rugsund. Sak nr. 3 var fordeling av stoleseta
i den nye Rugsund kyrkje.
Handelsmann Friis, som var ordførar, meinte at det var passande at ein husfar med sin
familie og tenestefolk var samla i ein stol og såleis at begge kjønn tok sete i
Guds hus omkvarandre. Vidare meinte han at dei av soknets allmuge som brukte
dei største bruka og dermed bar dei tyngste byrdene, måtte behalde første og
beste plass. Ved hjelp av lensmannen kom representantane fram til at det var
143 gardbrukarar i soknet.
Ordføraren sitt forslag vart samrøystes vedteke og plassane fordelte. Dei fire bakarste
stolane skulle nyttast av soknets husmenn samt innerstar av same stand. Plass
nr. 1 på pulpituret (galleriet) vart reservert til kyrkjeeigaren. Fordelinga av
desse plassane er nøyaktig innført i protokollen på to heile tettskrivne sider.
http://www.sffarkiv.no/sffbasar/default.asp?p=result&paging=yes&ptype=single&db=dbdokarkivdokument&page=2&id=0&sql=+LOWER%28signatur%29+LIKE+%27sffda-100388%25%27
Om Bremanger i kulturhistorisk leksikon
Kommentar hinzufügen
Kommentare
- Om Fylkesarkivet
- Arkiv og kjelder
- Våre tenester
- Prosjekt
- Lenker




Når vil det bli mulig å lese
Når vil det bli mulig å lese sider fra denne på nettet? Blir de skannet eller digitalsert tekst?
Jan Lustrup
Egersunfd
Hei. Den innskanna
Hei. Den innskanna protokollen finn du her:
http://www.sffarkiv.no/sffbasar/default.asp?p=result&paging=yes&ptype=si...