«Fotografen og keisaren» - arkivskatt blir dokumentarfilm
«Fotografen og keisaren» - arkivskatt blir dokumentarfilm
Publisert av Elin Østevik, mandag 30.04.2012
1. mai kl. 20.00 sender NRK1 dokumentaren «Fotografen og Keisaren» som handlar om keisar Wilhelm II sine reiser til Balestrand i tida før første verdskrig. Fotografia som filmen tar utgangspunkt i finn du i Fylkesarkivet sin fotobase.
Bergensjenta Magdalene Elisabeth Kroepelin Gran ferierte i Balestrand i same perioden som keisar Wilhelm II. Ho forelska seg i ein av offiserane om bord på keisarskipet og kom såleis tett innpå keisarfølgjet. Det er Magadalene sine amatørfoto frå desse somrane før utbrotet av første verdskrig som står sentralt i Ingrid Ese sin dokumentarfilm «Fotografen og keisaren».
Bileta til Magdalene finn du i Fylkesarkivet sin fotobase. I 2005 digitaliserte vi Magdalene sine album etter avtale med Bent Kure, Magdalene sitt barnebarn.
Om Balestrand i kulturhistorisk leksikon
Kommentare
- Om Fylkesarkivet
- Arkiv og kjelder
- Våre tenester
- Prosjekt
- Lenker


Kommentar hinzufügen