Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane har fått ny nettstad!

fylkesarkivet.no

Du er no på den gamle nettstaden og den vert ikkje lenger oppdatert med nytt innhald. Klikk på denne beskjeden for å besøke ny nettstad med siste nytt frå oss. Velkommen!

Stadnamna for Haram kommune

Stadnamna for Haram kommune

Haram kommune i Møre og Romsdal har no fått ut 7040 stadnamn på Internett. Namna blei samla inn i 1980-åra og er no tilgjengelege via karttenesta www.fylkesatlas.no. Dette er resultat av eit samarbeid mellom Kulturnett Møre og Romsdal og Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

 

Haram er både eit kommunenamn og eit gardsnamn. Opphavleg var det namnet på ”den største og vestlegaste garden på Haramsøya, der hovudkyrkja stod frå det 11. århundret.” (Kommunen sine heimesider)

 

Tydinga av namnet kan vera forskjellig. I Norsk stadnamnleksikon frå 1997 held forfattaren fram tydinga ’har’ steingrunn og ’hamar’ framspring i fjellet, ettersom namnet hadde forma ’Harhammar’ på gamalnorsk. Øya Haramsøya skal ha fått namnet sitt etter garden.

Del artikkel

Del sida

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 63 80 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login