100 år med speiding i Noreg
100 år med speiding i Noreg
Opphavet til speidarrørsla er å finne i England. Robert Baden-Powell arrangerte i 1907 verdas første speidarleir. Tanken var, gjennom praktiske øvingar og aktivitetar, å gje unge menn (jenter kom først seinare) eit grunnlag for å klare seg i naturen. Og tanken smitta. 25. mars 1911 vart Norges Speidergutt-Forbund stifta av Christian Dons og Hans Møller Gasman.
Fylkesarkivet oppbevarer fylgjande arkiv frå speidarlag:
- Sogn og Fjordane krets av Norsk Speiderpikeforbund
- Sogn og Fjordane krets av Norsk Speiderguttforbund
- Nordfjord krins, KFUK-speidarar
- Svelgens 1. Tropp av Norsk Speiderguttforbund
Det er ikkje tale om svære arkiv, men dei gjev likevel innblikk i ein fritidssyssel som har engasjert mange jenter og gutar.
Litteratur:
- 25. mars: Speidingens 100-årsdag i Norge
- Wikipedia : speiderbevegelsen
- Om Fylkesarkivet
- Arkiv og kjelder
- Våre tenester
- Prosjekt
- Lenker

