Fylkeskappleiken 1. og 2. april i Naustdal

Fylkeskappleiken 1. og 2. april i Naustdal

Vidar Underseth. Foto: Eivind Kaasin
Vidar Underseth. Foto: Eivind Kaasin
Kvart år samarbeider Sogn og Fjordane folkemusikklag med eit lokalt spelemannslag om å arrangere Fylkeskappleiken. Til helga inviterer Naustedalen Spelemannslag til årets tevling.

Naustedalen Spelemannslag skipar til Fylkeskappleiken i Naustdal fredag 1.april og laurdag 2.april. Kappleiksarenaen er den same som då Naustedalen spelemannslag hadde kappleiken i 2008, nemleg i gymsalen og tilstøytande rom i Naustdal barne- og ungdomsskule. Tilskipinga tek til klokka 19.00 på fredag, og vert avslutta natt til sundag.

Fyrste kvelden er via gamaldansmusikk, gamaldansgrupper, toraderlag og solospel. På laurdag vert det fyrst tevlingar innan solo hardingfele, fele og vokal, samt pardans i bygdedans og lagdans. Laurdag kveld er via lagspel for spelemannslag i folkemusikk og gamaldans.

Fylkeskappleiken er ikkje berre ein sentral musikalsk og sosial møtestad. Ein kappleik er òg eit viktig samtidsbilete av folkemusikkmiljøet. Ein får dokumentert utøvarar i alle aldrar og på alle nivå. Fylkesarkivet vil vere til stades på kappleiksarenaen for å gjere lydopptak av tevlinga.

Du finn óg meir informasjon om Fylkeskappleiken på denne sida.

Del artikkel

Del sida

Kommentar hinzufügen

Der Inhalt dieses Feldes wird nicht öffentlich zugänglich angezeigt.
  • Internet- und E-Mail-Adressen werden automatisch umgewandelt.
  • Zulässige HTML-Tags: <h3> <a> <em> <strong> <cite> <code> <ul> <ol> <li> <dl> <dt> <dd>
  • HTML - Zeilenumbrüche und Absätze werden automatisch erzeugt.

Weitere Informationen über Formatierungsoptionen

Mit dem Absenden dieses Formulars, akzeptieren Sie die Datenschutzrichtlinie von Mollom.

Kommentare

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 65 61 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login