Aktuelt

Heile kommuneadministrasjonen på arkivkurs (Foto: Linda Lyngstad)
(14.06.2013)
Bremanger kommune har i vår gjennomført arkivkurs for sakshandsamarar. Både sakshandsamarar og leiinga i kommunen var med.
Før ominnreiinga var det fullt – no har vi masse ledig plass. Foto: Elin Østevik
(13.06.2013)
Ny måling, nye lys og ikkje minst nye kompaktreolar - fotomagasinet på Sandane har blitt «nytt». Med dei nye kompaktreolane har vi fått mykje meir oversiktelege lagringstilhøve på magasinet, og ikkje minst har vi fått masse ledig hylleplass.
(10.06.2013)
11.juni kan vi feire 100 årsdagen for allmenn stemmerett for kvinner i Noreg. Det er all grunn for å jubilere og minnast dei som stod på barrikadane for kvinners rettar, demokrati og samfunnsdeltaking. Stemmeretten kom ikkje av seg sjølv, og kampen er verdt eit tilbakeblikk. Fylkesarkivet sitt bidrag til jubileet er vandreutstillinga Kvinnestemmer frå Sogn og Fjordane, eit samarbeid med musea i fylket og kulturavdelinga i fylkeskommunen. Årets Stortingsval skjer også i sjølvaste jubileumsåret, og det er viktig å merke seg at det framleis er land der kvinner ikkje har stemmerett.
1905
(07.06.2013)
I Ortnevik står ein 1905-minnestein. Det er den einaste i sitt slag i heile fylket. I 1967 fortalde Kari Hovland, fødd i 1884, at det var nokre ”menn” som meinte at den viktige hendinga i 1905, med unionsoppløysing og eigen konge, måtte markerast med å reisa ein bautastein.
DS «Nordfjord» etter forliset 12. september 1940.
(25.05.2013)
DS «Nordfjord» har tilknytning til Sogn og Fjordane, både ved namnet og ved lang fartstid i Sogn og Fjordane-farvatn. I om lag 50 år gjekk «Nordfjord» i rute mellom Møre og Romsdal og Bergen. Ruta hadde fleire stoppestader på Sogn og Fjordane-kysten. Då båten runda 75 år i 1940, vanka det minnedikt; "Gamle Nordfjord". «- fire tusen gonger forbi Statt - » står det i eit av versa.
KNM «Hitra» til kai i Høyanger 8. mai 2006 i høve Tysklandsbrigaden si veteranfo
(11.05.2013)
Måndag 28. mai 1945 gjekk ubåtjagaren KNM «Hitra» inn Eidsfjorden til Nordfjordeid. Etter kvart var eit «folkehav» på veg til dampskipskaia. Tysdag 9. april 2013 deltok den same båten ved Bergens forsvarsforeining si markering av Hitler-Tyskland sitt angrep på Noreg, 9. april 1940. Ubåtjagaren markerte samstundes sin eigen alder på 70 år.
Fylkesatlas.no - Luster
(02.05.2013)
Fylkesarkivet vil no gå i gang å publisere stadnamn for Luster kommune på Internettadressene www.fylkesatlas.no og www.fylkesarkiv.no. Vi har lagt ut 2 086 stadnamn allereie. Kommunen har løyvd pengar til å få gjort dette viktige kulturhistoriske arbeidet. Det er dei tre sogelaga som har stått for nyinnsamling av stadnamna på grunnlag av skuleborninnsamlinga i 1932, innsamlinga til Frøysadal og frå den store stadnamninnsamlinga i 1985 og utover.
Årets kontaktkonferansen samla om lag 70 personar på Hotel Alexandra i Loen
(02.05.2013)
Årets kontaktkonferansen samla om lag 70 personar på Hotel Alexandra i Loen. No legg me ut presentasjonane som vart haldne.
Framsida på den fyrste møteboka for Fjaler Arbeidarparti
(30.04.2013)
Fylkesarkivet har digitalisert den fyrste møteboka for Fjaler Arbeidarparti. Ho er ikkje stor i omfang, men gjev likevel viktig informasjon om oppstarten av heradspartiet i kommunen.
Kvinnestemmer frå alle fylkets kommunar
(29.04.2013)
Laurdag 4.mai 2013 står kvinnene i sentrum på De Heibergske Samlinger/Sogn Folkemuseum. Utstillinga Kvinnestemmer frå Sogn og Fjordane opnar, og Sigrid Moldestad, ei av våre mest kjende musikalske stemmer, held konsert. Ei spanande utstilling i bilete, ord og tonar.

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 65 61 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login