Aktuelt
|
(22.07.2012)
Kring heile fylket vart det kveikt lys, lagt ned blomar, kort og andre gjenstandar etter dei tragiske hendingane i fjor sommar. I dei fleste kommunane vart det også lagt ut kondolanseprotokollar. Fylkesarkivet har arbeidd for å sikra dei minna som er moglege å ta vare på.
|
|
(20.07.2012)
Første forhandlingsprotokollen til Davik formannskap frå 1837-1873 er no registrert i møtebokregisteret.
|
|
(18.07.2012)
«Sunnmøre og sunnmøringane var viktige for Henrik Ibsen. Reisa Ibsen gjorde på Sunnmøre i 1862 vart eit vendepunkt for den store diktaren, både i livet og diktinga hans. Det kjem fram i ei ny bok som kom ut denne veka, "Vendepunktet – Henrik Ibsen på Sunnmøre 1862", av Einar Landmark.» (Møre-Nytt 17.07.)
|
|
(02.07.2012)
Fylkesarkivet si musikkavdeling har nett no avslutta arbeidet med arkivet etter Rolf Myklebust. Prosjektet tok til 1. oktober 2011, og var støtta av Norsk kulturråd.
|
|
(02.07.2012)
Landskappleiken er over for i år, og utøvarar frå Sogn og Fjordane hevda seg i Otta. Fylket var representert i mest dei fleste disiplinane og klassane under Landskappleiken 2012, som fann stad i Otta mellom 27. juni og 1. juli.
|
|
(28.06.2012)
Fylkesarkivet har i desse dagar fått inn arkivmateriale frå Sogn og Fjordane Bondekvinnelag.
|
|
(27.06.2012)
Oppreisingsutvalet i Sogn og Fjordane har handsama sju nye søknadar om oppreising, og innvilga fire av dei. Totalt vart det innvilga 2,25 millionar kroner i oppreising.
|
|
(26.06.2012)
Arbeidet med arkivet etter Gulen kommune fram til 1964 er no sluttført. 81 kommunale arkiv frå Gulen er publiserte på Arkivportalen.no
|
|
(20.06.2012)
Sogn og Fjordane har mange lokale sogelag og dei fleste av dei gir ut ei årbok eller eit tidsskrift. Dette er verdfulle bidrag til lokalsoga vår då dei inneheld mange og gode lokalhistoriske artiklar. Fylket har heile 27 sogelag, dvs. eitt meir enn det er kommunar i fylket.
|
|
(18.06.2012)
Kjelda er i desse dagar på veg ut til tingarane våre. I dette nummeret kan du lese om historia åt Sogns Barneheim, Førdefestivalen og mykje anna.
|
- Om Fylkesarkivet
- Arkiv og kjelder
- Våre tenester
- Prosjekt
- Lenker
