Aktuelt
|
(19.03.2012)
Norsk folkemusikklag og arkivnettverket inviterer til det årlege arkivseminaret onsdag 21. - fredag 23. mars. Seminaret er på Norsk senter for folkemusikk og folkedans, Rff-sentret, i Trondheim.
|
|
(16.03.2012)
Mikkel Larsson Stenehjem (1843-1912) var smed i Sogndalsfjøra. Han let etter seg dagbøker som fortel om det sosiale livet hans og om arbeidslivet hans. No har Jarle Bondevik laga bok av desse nedtegningane. Boka er delt inn i kapitla «Familiemannen», «Deltakar i det sosiale livet», «Smeden», «Gardbrukaren», «Samfunnsmenneske» og «Modernisering». Kapitlet om smedarbeidet er det lengste. Elles viser notatbøkene at Mikkel var ein «mangesyslar» som arbeidde for seg sjølv og andre, men også hadde folk i arbeid.
|
|
(15.03.2012)
Ein av fotosamlingane som fotoarkivaren jobbar med i år er biletsamlinga til Naustdal kommune. Samlinga inneheld bilete som kommunen samla inn på 1990-talet. Nokre titals foto frå samlinga er nyleg digitalisert og gjort tilgjengeleg på nett.
|
|
(13.03.2012)
Fylkesarkivet si folkemusikkavdeling presenterer her ei ny speleliste med musikk frå fylket. Musikar, komponist og poet Karl Seglem frå Årdalstangen har sett saman ei speleliste på oppmoding frå folkemusikkarkivet.
|
|
(09.03.2012)
Fylkesarkivet har motteke tre dagbøker ført i pennen av Mikkel Larsson Stenehjem. Han var smed i Sogndalsfjøra frå byrjinga av 1870-talet og fram til han døydde i 1912. Den fyrste dagboka er no digitalisert og ligg tilgjengeleg på Internett.
|
|
(07.03.2012)
Årets viktigaste tilskiping for alle som jobbar med arkiv i kommunal sektor i fylket står for døra. Heilt sidan siste halvdel av 1980-talet har Kontaktkonferansen vore den viktigaste møteplassen for arkivmedarbeidarar og arkivinteresserte i kommunane og fylkeskommunen. Årets konferanse finn stad på Kviknes Hotel i Balestrand 27. og 28. mars.
|
|
(02.03.2012)
Fylkesarkivet har nyleg motteke ei samling på kring 3000 foto etter Kristian Berge (1887-1965) frå Stryn bibliotek. Samlinga består av negativar frå perioden 1912-1962 og 3 esker med lysbilete. Negativa ligg i album med gode opplysningar om motiv og datering. Også lysbileta er det opplysningar til. Nokre døme frå samlinga ser du her.
|
|
(21.02.2012)
Kommunearkivordninga inviterer til kontaktkonferansen 2012. Konferansen vert arrangert i Balestrand 27. og 28. mars.
|
|
(20.02.2012)
«Almanakk for Noreg» er ei innhaldsrik trykksak. I kalendariet står namn på personar og hendingar, t.d. på dagen i dag, 20. februar: «Første bondevennforening 1865.» Sjølv «møtte» eg Søren Jaabæk og bondevenene i folkeskulen på 1950-talet. Det stod om Jaabæk i noregssoga «Vi ere en nasjon» og me høyrde om Jaabæk i skulekringkastinga.
|
|
(16.02.2012)
Firda hadde 23. januar ein artikkel om Thorvald Netteland frå Solund, som med sine 105 år er eldst i landet. Den lengstlevande personen frå Sogn og Fjordane gjennom tidene er Laura Hansine Svehaug, opphavleg frå Selje. Ho vart over 111 år. Dette opplyser Celvin Ruisdael, som har undersøkt folk med høg alder i Noreg.
|
- Om Fylkesarkivet
- Arkiv og kjelder
- Våre tenester
- Prosjekt
- Lenker
