Aktuelt

Fylkesatlas / Rapport om stadnamn i Sogn og Fjordane
(15.10.2012)
Du kan søke i 180.000 historiske stadnamn frå Sogn og Fjordane. Stadnamn er spanande, og kan gje verdfull informasjon om naturtilhøve, kulturhistorie, overtru, katastrofar og konflikt, og mykje mykje meir. Stadnamna er og viktige referansepunkt i terrenget som folk flest brukar kvar dag. Fylkesarkivet har gjennom 20 år samla inn, bearbeidd og digitalisert stadnamna. Dei er no tilgjenglege i eit eige kartgrensesnitt på nettet. Gå inn på http://www.fylkesatlas.no og finn dei ukjende stadnamna frå din heimstad.
Florø
(15.10.2012)
Arbeidet med det 4 bind sterke Fylkeshistoria i Sogn og Fjordane er no godt i gang. Ein hovudredaktør og 4 historikarar frå høgskulane i Volda og Songdal skal skrive verket, og 2.november vil vi få dei første glimt av historia og kva tankar histoprikarane gjer seg om vegen vidare. Det fell saman med lanseringa av 1.bind av Flora-historia, og seminaret blir derfor lagt til Florø denne dagen, som blir avslutta med ein heidundrande lanseringsfest.
Brev til Lærdal formannskap sendt frå amtmannen i Leikanger i 1862
(09.10.2012)
Hermund Kleppa, tidlegare arkivar ved Fylkesarkivet, stilte 5.10.12 spørsmålet «Når kom fylkesmannen til Leikanger?» på Facebook. Svaret fann han i dag på Fylkesarkivet, og året er 1862.
(08.10.2012)
I helga gjekk Vestlandskappleiken 2012 av stabelen på Osterøy i Hordaland. Audhild Flaktveit Moxnes sin minnepris vart utdelt til hardingfelespelaren Nikolai Storevik frå Stryn.
Ein glad gjeng
(28.09.2012)
Like sikkert som at trekkfuglane fyk sørover på denne tida, like sikkert er det at vi får besøk frå 8.klassane frå Leikanger ungdomsskule. Dei skal hente kunnskap om bygda si og kjem då til oss. Det likar vi godt.
Det er fire år sidan Flora kommune leverte arkiv eldre enn 1964
(28.09.2012)
I samband med at Flora kommune skal avlevera arkivet etter sentraladministrasjonen frå perioden 1964 til 1993, vitja Fylkesarkivet kommunen denne veka. Me gjekk gjennom kva arkiv som skal avleverast, samt laga ein plan for praktisk gjennomføring av avleveringa.
Diplom for gullmeldalje under Hagebruksutstillingen for Sogn 1951
(27.09.2012)
1.-4. november 1951 vart det halde hagebruksutstilling på ungdomshuset Solhov i Sogndal. Avisa Sogn og Fjordane melde oppglødd at det «angar av friske frukter og blomar og augo møter eit reint fortryllande fargespel kvar ein vender seg.»
Elisabeth Kværne (foto: Knut Aastad Bråten)
(21.09.2012)
Rådet for folkemusikk og folkedans (Rff) har tildelt Rff-prisen for 2012 til Elisabeth Kværne, folkemusikkarkivar ved Valdres folkemuseum på Fagernes.
Minnesteinen over Malla Moe
(19.09.2012)
Søndag 16. september vart det avduka ein minnestein over misjonæren Malla Moe. Mykje folk var samla på bedehuset på Hafslo for å ta del i markeringa av den fargerike misjonærkvinna.
Eikås, Bjørset, Svidal, Apneseth (foto: Oddleiv Apneseth/pressefoto)
(13.09.2012)
I sommar sleppte jølstringane Gro Marie Svidal, Synnøve S. Bjørset, Sigmund Eikås og Erlend Apneseth plata "Jølster 2012". No er dei fire hardingfelespelarane nominert til årets Folkelarmpris.

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 65 61 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login