Offentlege arkiv
Kommunearkivordninga er eit samarbeid mellom fylkeskommunen og kommunane om arkivfagleg kompetanse og tenester. Det faglege ansvaret omfattar arkiv frå den tida kommunane vart oppretta og fram til i dag. Kommunearkivordninga handterer eldre papirarkiv både med omsyn til kommunal verksemd og forvalting, personmateriale, spørsmål kring moderne arkiv og arkivorganisering, samt elektroniske arkiv.

Hovudoppgåvene våre er :

• Formidling av arkiv, kjeldetilfang og historie
• Depottenester
• Arkivdanning
• Personmateriale

Offentlege arkiv

(16.05.2012)
I dei kommunale arkiva våre finn vi store mengder arkivmateriale frå skulane i fylket. Ei artig kjelde er skuleavisene.
(19.04.2012)
Det går unna i hovudmagasinet for tida. Denne veka kom det eldste arkivet etter Gulen kommune på plass.
Forhandlingsprotokollen for Davik kommune. Foto: Bodil Marie Nornes
(19.04.2012)
Vi held no på å registrera sakene som var handsama i Davik kommune i perioden 1837-1873. Her er mykje historie frå den tid kommunane vart oppretta. Skrivarane i gamle Davik kommune skreiv gode og detaljerte referat frå møta i formannskapet og vi får eit godt bilete av samtida.

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 65 61 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login