Privatarkiv
Fylkesarkivet har som mål å kartleggje, samle inn, verne og formidle viktige privatarkiv i Sogn og Fjordane. Privatarkiv er ei interessant og samansett kjeldegruppe, med historisk dokumentasjon frå næringsliv, organisasjonar og privatpersonar.
Privatarkiva utgjer eit viktig korrektiv til det offentlege arkivtilfanget.
Aktuelt
|
(13.04.2012)
Stortingsrepresentant Erling Sande opna 12. april ei spanande utstilling på Nordfjord Folkemuseum. "Linjer i Landskapet - kraftoverføringens kulturminner" er eit samarbeid mellom Norges vassdrags- og energidirektorat, Sogn og Fjordane Energi og Nordfjord Folkemuseum, og syner krafthistoria i Sogn og Fjordane gjennom 100 år.
|
|
(28.03.2012)
Joar Sande har sendt oss ei gardssoge for Sanda (gardsnummer 75 bruk 4) i Gaular, skriven av han sjølv. Soga gjev ei fin skildring av garden og folket som har budd der. Og dyra, til dømes hunden Rapp.
|
|
(16.03.2012)
Mikkel Larsson Stenehjem (1843-1912) var smed i Sogndalsfjøra. Han let etter seg dagbøker som fortel om det sosiale livet hans og om arbeidslivet hans. No har Jarle Bondevik laga bok av desse nedtegningane. Boka er delt inn i kapitla «Familiemannen», «Deltakar i det sosiale livet», «Smeden», «Gardbrukaren», «Samfunnsmenneske» og «Modernisering». Kapitlet om smedarbeidet er det lengste. Elles viser notatbøkene at Mikkel var ein «mangesyslar» som arbeidde for seg sjølv og andre, men også hadde folk i arbeid.
|
- Om Fylkesarkivet
- Arkiv og kjelder
- Våre tenester
- Prosjekt
- Lenker
Informasjon
