Aktuelt

Førdefestivalen 25 år
(03.04.2014)
3. april er det programslepp for den 25. Førdefestivalen i rekkja.
Lena Skjerdal (foto: Oddleiv Apneseth)
(01.04.2014)
Torsdag 3. april kl. 19.00 spelar Lena Skjerdal Trio konsert i Lærdal kulturhus. Konserten er ein del av "den musikalske stamvegen", som er eit ledd i Vestnorsk Jazzsenter sitt regionale turnéprogram.
Erlend Apneseth (foto: Vegard Fimland)
(31.03.2014)
Tysdag 1. april klokka 19.00 spelar Erlend Apneseth konsert i ungdomshuset Skogstjerna i Stryn. Spelemannslaget Fjelljom er arrangør for konserten, der ein vil få høyre solo hardingfelespel frå ein framifrå ung spelemann.
Fylkeskappleiken 2014
(31.03.2014)
Resultata frå Fylkeskappleiken 2014 er no klare. Årets kappleik fann sted på Firda vidaregåande skule på Sandane, fredag 28. og laurdag 29. mars. Folkesongar Elin Grytting blei tildelt Folkemusikkprisen 2014.
Fylkeskappleiken 2014
(24.03.2014)
Fredag 28. og laurdag 29. mars skipar tre lokallag i Gloppen kommune til årets fylkeskappleik. Kappleiken går føre seg i aulaen på Firda vidaregåande skule på Sandane.
Sjur Hesjevoll (foto: Odd Helmer Handeland)
(17.03.2014)
I år er det 100 år sidan kunstnaren og spelemannen Sjur Hesjevoll blei fødd. Laurdag 22. mars blir dette markert med utstilling, konsert og dans i Jostedal samfunnshus.
Kari Malmanger (foto: Oddleiv Apneseth)
(14.03.2014)
Sundag 16. mars kl. 18.00 inviterer Luster Folkeakademi og Jostedal spel- og dansarlag til konsert med Kari Malmanger og Linda Gytri. Konserten er på Jostedal hotell.
Brevet til kjærleiken (design: Eva Karlsson | foto: Magnus Skrede)
(10.02.2014)
Fredag 14. februar slepp Sigrid Moldestad si fjerde soloplate. Utgjevinga har fått tittelen "Brevet til kjærleiken", og er ein hyllest til diktaren Jan-Magnus Bruheim.
(06.02.2014)
Laurdag 8. februar er det musikkveld i Ålhus i Sunnfjord. I løpet av ein ein aftan på Ålhus vil det både vere konsert i Ålhus kyrkje og festkveld i Borgja.
Førdefestivalen 2014
(30.01.2014)
Tema for den 25. Førdefestivalen er lokal - global. Musikkfestivalen finn stad frå onsdag 2. til sundag 6. juli 2014.

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 65 61 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login