Aktuelt

(10.06.2014)
Den fyrste møteboka frå Dale Arbeidarlag vart i førre veke levert inn til Fylkesarkivet. Ho har no blitt digitalisert og lagt ut på Internett.
Fort Dansborg i Trankebar. Foto: Esben Agersnap
(14.05.2014)
Kor stor var verda for embetsmenn i sameiningstida med Danmark? Minst to av "1814-prestane" i Sogn og Fjordane hadde livsrøynsler langt utanfor tvillingriket sine grenser.
Brev Copiebog
(07.05.2014)
Fylkesarkivet har digitalisert ei kopibok frå skipsbyggjar Tønnes Rolfsen. Den 12. mars 1814 skreiv han eit brev til broren, Ludolf Eide, som budde på Hovland i Sogndal. I brevet fortel Tønnes om bededagen og eidsavlegginga, sett frå Bergen.
Framsida til lagsbladet "Mot Mål"
(01.05.2014)
Ja den 1 mai hev me vel høgtida, eg trur eg er inkje åleina, når eg seier det finst inkja dag ein ser fram til med slik spaning og forventning so den 1 mai.
Krigsinvalideforeningen
(09.04.2014)
Fylkesarkivet har motteke arkivmaterialet frå Sogn og Fjordane Krigsinvalideforening. Foreininga var samla for siste gong i desember 2013.
Juklestad
(26.03.2014)
Joar Sande har sendt oss ei ny gardssoge, denne gongen for Juklestad i Jølster.
Kviknes Hotel
(25.02.2014)
Fylkesarkivet har digitalisert framandboka frå Kviknes Hotel for perioden 1890-1902. Protokollen gjev eit oversyn over kven som besøkte dette ærverdige hotellet i tiåret fram mot 1900.
Teikning av Synneva Eri-huset, som gjekk tapt i brannen 19. januar
(14.02.2014)
Fylkesarkivet henta før jul inn arkivmateriale etter arkitekt Claus Lindstrøm. Det inneheld sentral dokumentasjon om gamle bygningar i Lærdal. I tillegg er arkivet eit monument over det kolossale vernearbeidet Lindstrøm la ned i bygda.
Dag Journal paa Tøsse 1813
(29.01.2014)
Fylkesarkivet har digitalisert gardsdagbøkene etter sorenskrivar Nils Landmark. Det er tale om i alt 28 dagbøker frå perioden 1813-1842.
(20.12.2013)
På tampen av året kom det inn ei spanande avlevering frå Utdanningsforbundet Sogn og Fjordane. Det inneheld mellom anna dei eldste møtebøkene frå krinslaga Firda lærarlag og Sogn lærarlag. Desse protokollane har me digitalisert og lagt ut på Internett.

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 65 61 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login