Leikanger

Luke # 18

Lena Skjerdal (foto: Oddleiv Apneseth)
Lena Skjerdal opnar den attande luka i musikkavdelinga sin julekalender.

150-årsjubileum for Leikanger som sete for fylkesmannsembetet

Brev til Lærdal formannskap sendt frå amtmannen i Leikanger i 1862
Hermund Kleppa, tidlegare arkivar ved Fylkesarkivet, stilte 5.10.12 spørsmålet «Når kom fylkesmannen til Leikanger?» på Facebook. Svaret fann han i dag på Fylkesarkivet, og året er 1862.

Leikanger ungdomsskule på Fylkesarkivet

Ein glad gjeng
Like sikkert som at trekkfuglane fyk sørover på denne tida, like sikkert er det at vi får besøk frå 8.klassane frå Leikanger ungdomsskule. Dei skal hente kunnskap om bygda si og kjem då til oss. Det likar vi godt.

Skrift i metall frå Sogns Barneheim

Metallplata som vart sett ned i grunnmuren på Sogns Barneheim
Ei koparplate frå grunnmuren i Sogns Barneheim kom i førre veke inn til fylkesarkivet. Det er eit lite klenodium som no har slått følgje med det andre arkivtilfanget frå barneheimen.

På frigjeringsdagen 8. mai

Gravferd Olav Rise
8. mai – Frigjeringsdagen og Nasjonal veterandag. Bergen har 21 markeringar. Klokka 12.00 legg ordførar Trude H. Drevland i Bergen ned krans ved krigsminnesmerket på Rotunden i Veiten. På minnesmerket står desse orda: «Til minne om dem som ble torturert av Gestapo i krigen 1940-1945.» Ein av dei var Olav Rise frå Leikanger.

Skileik på Systrond

Framsida på Leikanger skiavis 1922
Blå himmel og gnistrande skiføre lokkar oss i desse dagar til uteaktivitetar. Det gjorde det òg på Leikanger for 90 år sidan. Fylkesarkivet har digitalisert ei skiavis frå 1922, med både dikt, rennreferat og rapport frå ein hyttetur.

"Bygderøveri"?

 Prestegard frå Leikanger på Norsk Folkemuseum, Oslo 2009.
Det er 100 år sidan dei reiv prestegards-huset på Leikanger, og sende materialen til Austlandet, første etappe pr. båt til Bergen og derifrå med jernbane austover. No står huset på Norsk Folkemuseum i Oslo, innreidd med møbler og anna utstyr frå familien Thaulow.

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 65 61 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login