Offentlege arkiv

Gulen kommune er no i «boks»

Det går unna i hovudmagasinet for tida. Denne veka kom det eldste arkivet etter Gulen kommune på plass.

Møtebok for Davik kommune er i ferd med å bli registrert

Forhandlingsprotokollen for Davik kommune. Foto: Bodil Marie Nornes
Vi held no på å registrera sakene som var handsama i Davik kommune i perioden 1837-1873. Her er mykje historie frå den tid kommunane vart oppretta. Skrivarane i gamle Davik kommune skreiv gode og detaljerte referat frå møta i formannskapet og vi får eit godt bilete av samtida.

Det eldste arkivet til Førde kommune er klar til bruk

Tysdag 15.mars vart 15 pallar med eldre arkivmateriale frå Førde kommune sende til Fylkesarkivet. Fredag 30.mars var heile arkivet grovordna og på plass i hyllene, klart til bruk.

Førde kommune har avlevert arkivet sitt

Arkivleiar Marit Steinset har klargjort 117 kassar til avlevering.
Tysdag 20. mars var dagen då det kommunale arkivet eldre enn 1964 vart avlevert frå Førde kommune. For arkivleiar Marit Steinset vart dette avslutninga på fleire vekers jobbing for å klargjera det til avlevering. No er det kommunearkivarane på Fylkesarkivet som overtek jobben med utpakking og systematisering av arkivet.

Kontaktkonferansen

Frå Kontaktkonferansen 2011 i Førde (foto: Fylkesarkivet).
Årets viktigaste tilskiping for alle som jobbar med arkiv i kommunal sektor i fylket står for døra. Heilt sidan siste halvdel av 1980-talet har Kontaktkonferansen vore den viktigaste møteplassen for arkivmedarbeidarar og arkivinteresserte i kommunane og fylkeskommunen. Årets konferanse finn stad på Kviknes Hotel i Balestrand 27. og 28. mars.

Kontaktkonferansen 2012

Frå kontaktkonferansen i Førde 2011
Kommunearkivordninga inviterer til kontaktkonferansen 2012. Konferansen vert arrangert i Balestrand 27. og 28. mars.

Gaular: Avgangsvitnemål frå Lunde og Skilbrei krets

Avgangsvitnemål frå Lunde og Skilbrei krets
Før jul fekk eg eit hyggeleg besøk på kontoret mitt. Eg fekk overlevert ein gamal skuleprotokoll frå Gaular. Det var ein protokoll som me ikkje hadde kjennskap til frå før. Med dette vart arkivet frå Gaular kommune litt meir komplett, og det gjev oss meir kunnskap om skulane på Lunde og Skilbrei. Som takk for protokollen laga me ein fin kopi til avsendaren.

Formannskapsprotokollar på nett – eit unikt publikumstilbod

Fylkesarkivet har til no registrert heile 96 000 formannskapssaker i databasane våre, dei fleste med kjeldekopi, og fleire kjem. Formannskapsprotokollane er ei unik historisk kjelde. Prøv eit søk, her er mykje å finne.

Førde til Sogn

Marit Steinset og Jan Birger Moe (Foto: Cecilie Astrup Bustad)
Som den 23. kommunen i fylket har Førde kommune vedteke å avlevera det kommunale arkivmaterialet som er eldre enn 1964 til depot på Fylkesarkivet. Torsdag 26. januar var Fylkesarkivet i Førde for å planlegga arbeidet fram mot avleveringa som skal finna stad 20. mars.

Orgelbrus i Nordfjord og kommunale møtebøker

Vi svarar på mange ulike publikumsførespurnader ved Fylkesarkivet, og det er sjølvsagt kjempekjekt med positive tilbakemeldingar frå brukarane våre.

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 65 61 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login