Privatarkiv

Fjaler Arbeidarparti

Framsida på den fyrste møteboka for Fjaler Arbeidarparti
Fylkesarkivet har digitalisert den fyrste møteboka for Fjaler Arbeidarparti. Ho er ikkje stor i omfang, men gjev likevel viktig informasjon om oppstarten av heradspartiet i kommunen.

Brev frå Mandsjuria

Claus Rumohr Moe fekk i 1933 brev frå barndomsvenen sin, Kristoffer Kjos, som var misjonær i Mandsjuria. I brevet formidlar Kjos inntrykka sine frå ein turbulent region, der etterdønningane av den russiske revolusjonen framleis var synlege, og der nærveret av japanske soldatar var ein del av dagleglivet.

Davik misjonsforening for NMS

Tredje pinsedag er det 150 år sidan Davik misjonsforening vart stifta. I det høvet har Fylkesarkivet digitalisert den fyrste møteboka for laget.

Måleri av Julius Hartmann – kvar er motivet frå?

Måleri av Julius Hartmann
Ingunn Kroken har sendt oss bilete av eit måleri av Julius Hartmann, og lurer på kvar det er frå. Kjenner nokon av lesarane att lanskapet?

Garden Sølvberg frå gamalt av

Gamle Sølvbergstunet
Kåre Nygård har sendt oss ei interessant soge om garden Sølvberg. Skriftet inngår i ein serie om gamle tun på Nordsida i Stryn.

Frå Høyanger til Stalin

Reisefylgjet i Moskva
5. mars var det 60 år sidan den sovjetiske diktatoren Josef Stalin døydde. To år før Stalin gjekk bort vitja fagforeiningsleiaren Bernhard Alsvik frå Høyanger Sovjetsamveldet.

Med ønske om at blive udstopet

Fanaraak og Talle
Dette var meldinga på eit kort hesten Fanaraak i 1910 sende til formannen i Sogn og Fjordane Landbruksselskap. Han hadde i fleire år gjort teneste som avlshingst i fylket.

Viksdalen Idrettslag

Frå Terje Steinar Vallestad har me motteke digitale kopiar av fleire protokollar frå Viksdalen Idrettslag. Det er tale om ei møtebok, årsmeldingar og lagsblad.

Stønad til ordning av arkivet etter Per Håland

Gula Tidend
Fylkesarkivet har fått tildelt 37 500 kroner frå Kulturrådet til ordning av arkivet etter avismannen Per Håland. Materialet som no vil bli gjennomgått og katalogisert er variert, og inneheld mellom anna manuskript til artiklar og føredrag, korrespondanse, sakstilfang og foto.

Ei perle av dei sjeldne frå Førde

Ragnar Indrebø
Ragnar Indrebø har gjort ein kjempejobb. På fritida har han digitalisert, transkribert og korrekturlest Steens massive manuskript om Førde si historie: "Steens skrifter om Førde sokn". Det er ei perle som har vore utilgjengeleg for dei fleste. No er over 1100 sider førdehistorie tilgjengeleg for alle. Gratularar.

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 65 61 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login