Reply to comment

Arkivet til hermetikkbedrifta Firda Canning verna

14 pallar med arkivmateriale frå Firda Canning oppstilt i magasinet på Leikanger
For to veker sidan tok Fylkesarkivet imot arkivmaterialet frå Firda Canning. Med det er viktig dokumentasjon frå ein av dei store hermetikkfabrikkane i Sogn og Fjordane sikra for ettertida.

Det var spreidte forsøk på å etablere hermetikkfabrikkar i Sogn og Fjordane alt frå
1870-talet, men det var ikkje før kring 1905 at det blei grunnlagt meir varige
verksemder innan fiskeindustri i fylket.

I Måløy kom det til tre hermetikkfabrikkar før utbrotet av fyrste verdskrigen. Av dei skulle Firda Canning vise seg å bli den største og mest seigliva. Bedrifta vart etablert i 1913 av Hans Søreide og Audun Lem, og utvikla seg etterkvart til å bli ein av dei største hermetikkfabrikkane på Vestlandet, med 120 tilsette på det meste. Det var såleis ei viktig verksemd i Måløysamfunnet, og ikkje minst
var det ein sentral kvinnearbeidsplass.

Produksjonen av hermetikk vart nedlagt i 2008 - ein god del seinare enn mange andre
verksemder i same bransje. Grunnen til at Firda Canning stod seg såpass godt då det
leid mot soleglad for norsk hermetikkindustri, var truleg at bedrifta dreiv meir allsidig
enn mange av dei andre hermetikkverksemdene, som gjerne spesialiserte seg på ein
type råstoff. Firda Canning hadde eigne fiskebåtar, og produserte ulike typar
næringmiddel, som brisling, laks- og middagshermetikk.

Ein av båtane til Firda Canning var Store Bill, som vart rekvirert for fraktefart under krigen. Heile mannskapet på fem omkom då russiske fly i juli 1942 bomba hamna i Honningsvåg. Les meir om denne tragedien i kultuhistorisk leksikon.

I omfang utgjer arkivet til Firda Canning over 100 hyllemeter. Det er såleis eit svært bedriftsarkiv som no har fått plass i magasinet vårt på Leikanger. Ein stor takk vert retta til familien Lem, som har vist entusiasme og interesse for å ta vare på historia til Firda Canning.

Reply

The content of this field is kept private and will not be shown publicly.
  • Web page addresses and e-mail addresses turn into links automatically.
  • Allowed HTML tags: <h3> <a> <em> <strong> <cite> <code> <ul> <ol> <li> <dl> <dt> <dd>
  • Lines and paragraphs break automatically.

More information about formatting options

By submitting this form, you accept the Mollom privacy policy.

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 65 61 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login