Reply to comment
Innsamla minne etter 22.juli 2011
Publisert av Kjerstin Risnes, tysdag 13.09.2011
I etterkant av den nasjonale tragedien som ramma Noreg 22. juli 2011 vil Fylkesarkivet ta vare på dei mange innsamla minne for dei kommunane som ynskjer det.
Spontane reaksjonar på det ufattelege som skjedde nasjonen vår, skapte mange minne i form av kondolanseprotokollar, brev, kort, bilete etc. Riksarkivaren har teke initiativ til at alle skriftlege helsingar, minneord og kondolansar som folk har lagt ut ved kyrkjer, minnesmerker og andre offentlege stadar vert tekne vare på. Til liks med andre arkivinstitusjonar vil Fylkesarkivet difor ta i mot innsamla arkivmateriale frå dei kommunane som ynskjer å avlevere minner etter 22. juli. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har rådd kommunane til å samle minna hos oss slik at dei vil vere samla på ein stad.
Reply
- Om Fylkesarkivet
- Arkiv og kjelder
- Våre tenester
- Prosjekt
- Lenker

