Reply to comment
Ny prosjektmedarbeidar ved Fylkesarkivet
Bodil skal jobbe med ulike oppgåver og arkiv. Ho held for tida på med å samle inn og arkivere arkivmateriale frå Ytre Fjordane kraftlag som vart skipa i 1936. Med i dette arkivet er materiale frå Ålfotselkapet, Ålfoten interkommunale kraftselskap, som vart skipa i 1918.
I tillegg skal Bodil arbeide med saksregister til eldre møtebøker frå kommunestyre og formannskap frå kommunane i fylket.
Bodil Marie Nornes er frå Leikanger og har budd i Fardal dei siste 34 åra. Ho har i ein mannsalder jobba i Posten i Sogndal. Dei siste åra har ho omskulert seg, og teke mastergrad i historie ved Universitetet i Bergen. I masteroppvåva si skreiv Bodil om bondeeliten i Sogndal prestegjeld i perioden 1647 - 1707. Dersom du er interessert, kan du lese masteroppgåva her.
Reply
- Om Fylkesarkivet
- Arkiv og kjelder
- Våre tenester
- Prosjekt
- Lenker

